Denne planen er erstatta av "Plan for kvalitetsutvikling 2000-2003"
Plan for arbeidet med innføringa
av L 97
INNHALD:
InnleiingEinskapsskulen - fellesskap og tilpassing
Fellesskap
Tilpassing (Lokal
tilpassing - Individuell tilpassing)
Lokalt utviklingsarbeid
Lokalt arbeid med læreplanar for fag ved Sagvåg skule
Nærmare utforming av planar i ulike fag.- Val av arbeidsmåtar og organiseringsformer
- Tidsbruk ut frå fag- og timefordeling - Samordning av nærståande innhald frå fleire fag med sikte på arbeid på tvers av fag - Plan for temaorganisering av innhald og prosjektarbeid - Plan for "Skulen og eleven sitt val"Arbeidsmåtar, læremiddel og vurdering
Arbeidsmåtar
Skapande verksemd og kreative uttrykksformer - Leik -
Praktisk arbeid - Sjølvstendig arbeid og fordjuping - Prosjektarbeid
Læremiddel
Skulebibliotek - Informasjonsteknologi (IT)
Vurdering
Elevvurdering - Skulebasert vurdering
Fag- og timefordeling Sagvåg
skule
Tidsbruk på hovudstega Sagvåg skule (Gjennomsnitt tidsbruk i småskulesteget og mellomsteget)
Fagdel med oversikt over hovudmoment på
kvart klassesteg
Døme: norsk
Klasse- og elevrådsarbeid
Skulen og eleven sitt val
Denne planen vart laga for å gje ei samla framstilling av arbeidet med innføringa av
L-97 ved Sagvåg skule. Planen vert ajourført kvart år, og dette er den andre utgåva.
Planen tek utgangspunkt i L-97 og Oppvekstetaten sitt hefte om timeplan og lærarteam. Det
er også utarbeidd ein plan for metodisk arbeid med tema & prosjekt og malar for
undervisnings-planlegging.
Planen byggjer i hovudsak på prinsipp og rettningsliner for L 97 ("Brua")
![]()
Lars Bakka
-rekror-
Einskapsskulen - fellesskap og tilpassing
Det vart våren 1997 utarbeidd ei konkretisering av det sentralt fastsette lærestoffet oversikter i alle faga for 1.-2 og 5. klasse. Dette arbeidet vert vidareført dei neste to åra under innføringa av læreplanen. Materiellet vert samla i "klassepermen" og er grunnlaget for lokalt tilval og undervisningsplanlegging ved skulen.
Det må lagast eigen plan for kvart klassesteg med lokalt lærestoff. (konkretisering og tilval) Kravet til tilpassing må også komme fram i årsplanane. Dette vert også gjort ved at ein på skulen nyttar ein del fellestid til å konkretisere hovudmoment i L-97.
Dei lokale undervisningsplanane viser at ein legg vekt på individuell tilpassing.
Det lokale utviklingsarbeidet ved Sagvåg skule kjem i dei neste tre åra i første rekkje til å knytte seg til innføringa av grunnskulereforma. Skulen arbeider også og satsingsområda m.a. planen "Tryggleik og trivsel","Natur og miljø" og "Terpsikore". Også arbeid med læremiddel i L-97 er lokalt satsingsområde for Sagvåg skule, det vert sett fokus på læreboka sin plass, skulebiblioteket og IT.
Oppvekst- og læringsmiljøetVed vår skule kjem samarbeidet mellom heim-skule fram gjennom:
Samarbeid mellom lærarane om å planlegge, gjennomføre og vurdere verksemda i skulen:
Lærarane er organiserte i tre team, 1.-og 2.klasse team, 3.- og 4.klasse-team og mellomsteg-team. Desse samordnar undervisningsplanlegginga i dei ulike klassane. Det vert også organisert møte i klasse-team, her møtest dei lærarane som har kvar enkelt klasse.
Samarbeid mellom elevane:
Undervisninga vert planlagt slik at elevane kan arbeide tettare saman innan småskulesteget og i mellomsteget. Det vert også lagt til rette for dette i form av felles bruk av grupperom og plassering av klassane i bygget.
Det lokale arbeidet med læreplanane for faga bør i hovudsak gå føre seg på den enkelte skulen, eller i samarbeid mellom skular. Det skal danne grunnlaget for korleis lærarane planlegg undervisninga på klasse- og elevnivå. I dette arbeidet skal ein leggje vekt på
Nærmare utforming av planar i ulike fag.Det omfattar særleg
-
-
tilval som utfyller hovudmomentaUtforminga av planane i dei ulike faga vert utført av teama og den enkelte lærar. Under innføringa av den nye læreplanen vert ein stor del av dette arbeidet gjort samla i teama i klassestega. Oppfølgingsarbeidet, og vidareutvikling av planane vert gjort på klassestega og i undervisningsplanlegginga.
Val av arbeidsmåtar og organiseringsformer
Skuleleiing, lærar og klassane kjem fram til arbeidsmåtar og organiseringasformer. Dette arbeidet vert det sett spesielt fokus på våren 1998
Tidsbruk ut frå fag- og timefordeling
Rektor og SU lagar rammer for fag- og timefordeling til kvart klassesteg. Lærarane lagar årsplanar innan desse rammene.
Samordning av nærståande innhald frå fleire fag med sikte på arbeid på tvers av fag
Dette vert ein del av årsplanen for kvart skulesteg og klasse. Denne planen gjer også oversikt over tverrfagleg arbeid.(sjå temaplan og årsplan)
Plan for temaorganisering av innhald og prosjektarbeid
Dette vert laga ein felles plan (temaplan)for skulen. Denne vert konkretisert i årsplanen for kvart skulesteg og klasse. For prosjektarbeid vert det laga prosjektrapport. (sjå m.a. "Lindgrenrapporten")
Plan for Skulen og eleven sitt val
I småskulen vert dette faget spesielt nytta til skulen sitt val. På mellomsteget må faget likt fordelt mellom skulen og eleven sitt val.
Det er laga plan for eleven sitt val, denne vart utprøvd i 3.klasse før påske 1997 og 5.-og 6.klasse våren 1998
Arbeidsmåtar, læremiddel og vurderingSkapande verksemd og kreative uttrykksformer
Planane og den fysiske organiseringa av Sagvåg skule må gje rom for skapande verksemd i vid forstand. I løpet av våren 1998 vert det laga ein lokal plan for "Terpsikore", denne vil visa korleis Sagvåg skule arbeider med "skapande verksemd og kreative uttrykksformer".
Lærarane, spesielt i småskulen, må arbeide med å gje leiken større plass i skulekvardagen. Lærarar med 6-10-årspedagogikk vert nytta som ressurspersonar. Alle lærarane ved skulen får ei innføring om leiken sin plass i skulen.
Dei fysiske rammene, og undervisningsplanane må opne for praktisk arbeid både inne og ute. Lærarane vert m.a. oppmoda til å prøve ut "uteskule" våren 1998
Sjølvstendig arbeid og fordjuping
Klasseromma må også gje rom for sjølvstendig arbeid og fordjuping. Fleksibilitet i møblering og organisering vert viktig.
Det er utarbeidd metodisk rettleiing for arbeid med temaarbeid. Denne må utvidast til også å kunne nyttast i arbeidet med prosjektarbeid. I kva form prosjekt skal gjennomførast i småskulesteget må me vurdere nærare. Hausten 1997 vart "Lindgrenprosjektet" gjennomført i heile skulen.
LæremiddelLæreboka har fått ei ny rolle i L-97. Dette har me teke omsyn til m.a. ved at det vert kjøpt færre klassesett, oftare vert det kjøpt inn fleire ulike bøker i fleire emne. Dette vert gjort for å gjere temaundervisninga lettare å gjennomføre. Dette gjev også betre rom for individuell tilpassing. (sjå også oversikt over lærebøker etter L-97, og plan for innkjøp)
Sagvåg skule har eit bra bibliotek. Dette kan nyttast meir av klassane og slik gje betre plass for arbeidsformer som vert kravd i L-97. I kva form og kva grad IT skal inn i biblioteket må også vurderast.
Det vert utarbeidd oversikt over bruken av skulebiblioteket og biblioteket på Litlabø og på Leirvik for kvart klassesteg. Annbjørg Luggenes er bibliotekansvarleg dette skuleåret.
Skuleåret 1998/99 har skulen fått midlar frå Hordaland fylke og Stord kommune til ei satsing på skulebiblioteket.
Informasjonsteknologi (IT)Det er laga ein eigen plan for IT ved Sagvåg skule. Her finn ein alt om strategi for innkjøp, kva utstyr me har og kor dette er plassert. Kjell Byrknes har, saman med rektor, det overordna og praktiske ansvar for IT ved Sagvåg skule. Satsinga på skulebibliotek som vart nemnt over vert også knytt til IT sin plass i skulen fram mot tusenårsskiftet.
Våren 1999 vert elevvurdering teke opp i samband med endringane i forskriftene.
Sagvåg skule har ganske gode rutinar innan skulevurdering, m.a. gjennom Strategisk plan med Verksemdsplanen og evalueringa av desse.
Sjå også: St meld nr 47 (1995-96) Om elevvurdering, skolebasert vurdering og nasjonalt vurderingssystem
Fag- og timefordeling Sagvåg skule
| 1.kl | 2.kl | 3.kl | 4.kl | Sum | 5.kl | 6.kl | 7.kl | Sum | |
| KrL | 38 |
76 |
76 |
76 |
266 |
95 |
95 |
76 |
266 |
| Norsk | 228 |
228 |
228 |
228 |
912 |
209 |
190 |
190 |
589 |
| Matematikk | 113 |
140 |
142 |
137 |
532 |
152 |
133 |
152 |
437 |
| Samfunnsfag | 38 |
38 |
57 |
57 |
190 |
95 |
76 |
114 |
285 |
| Kunst og handverk | 57 |
57 |
57 |
57 |
228 |
152 |
114 |
114 |
380 |
| Natur- og miljøfag | 38 |
38 |
38 |
38 |
152 |
95 |
76 |
76 |
247 |
| Engelsk | 19 |
19 |
19 |
38 |
95 |
76 |
76 |
114 |
266 |
| Musikk | 38 |
38 |
38 |
38 |
152 |
76 |
76 |
76 |
228 |
| Heimkunnskap | 9 |
9 |
10 |
10 |
38 |
114 |
114 |
||
| Kroppsøving | 57 |
57 |
57 |
57 |
228 |
76 |
76 |
114 |
266 |
| Frie aktivitetar | 125 |
60 |
38 |
24 |
247 |
||||
| Klasse- og elevrådsarbeid | Sjå L-97 s 82 |
Sjå L-97 s 82 |
|||||||
| Brutto årstimar | 760 |
760 |
760 |
760 |
1026 |
1026 |
1026 |
||
| Sum hovudtrinn | 3040 |
3078 |
|||||||
| Skulen og eleven sitt val | 152 |
114 |
|||||||
Gjennomsnitt tidsbruk i småskulesteget og mellomsteget
| Småskulen | Mellomsteget | |||||
1.kl./førskule |
2.klasse |
3.klasse |
4.klasse |
5.klasse |
6.klasse |
7.klasse |
Minst 60% |
Minst 30% |
|||||
80% |
70% |
50% |
40% |
35% |
30% |
25% |
16 t/v |
14 t/v |
10 t/v |
8 t/v |
9,5 t/v |
8 t/v |
7 t/v |
Timar til temaorganisering fordelt på klassesteget: ( Oppgitt som minimumskrav til bruk av temaundrvisning)
Fagdel med oversikt over hovudmoment på kvart klassesteg
Etter dette systemet er det laga ei "sjekkliste" for hovudmoment for fag. Denne vert nytta for å halde oversikt over at alle hovudmoment frå L-97 er tekne med i undervisninga. I slutten av kvart skuleår må alle hovudmomenta vera dekka, lista føl klassen gjennom skuletida og vert eitt av fleire reiskap for kvalitetssikring. På denne måten har elevane ved Sagvåg skule ein garanti for at det frå år til år vert arbeidd med alt fagstoffet frå hovudmomenta i L 97.
| 1.- 4.klasse | 5. - 7.klasse | |||||
|
|
|||||
| 1.kl/førsk | 2.klasse | 3.klasse | 4.klasse | 5.klasse | 6.klasse | 7.klasse |
|
|
|
|
|
|
|
Undervisningsinspektør held fram med å koordinere elevrådsarbeidet også etter innføringa av L-97. Les meir i planen "Trivesl og Tryggleik"
Det er laga eigen plan med malar for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisningsopplegg innan Eleven sitt val. Skulen sitt val vil ofte vere prosjekt som t.d. "Lindgrenprosjektet"., desse er oftast knytt opp mot satsingsområda.
Sjå også ; Helle :Skolen og elevens valg