.



Sjå tilbake på skuletida:

 

7. å r s s t e g  (sag00) 2 0 0 6/0 7

Kontaktlærar>>   Toril Bruket   toril.sandvik.bruket@stord.kommune.no   Egil Petterteig  egil.petterteig@stord.kommune.no

  Her finn du PowerPoint-presentasjonen som Toril laga til avslutningsfesten>>
Temaplan:
Veke 33: Skulestart, v 34-38: Vatn,  v 39: Leirskule, v 40: Haustferie, v 41-46 :Verdsdelane , v 49-50: Gje rom for lesing, v 51: Jul

Eksempeloppgåver nasjonale prøvar>>
Nasjonale prøvar>>

Våre læringsmål etter 7.årssteg:
 

 
Avslutningsfest
Publisert: 20.06.07 13:50

Tysdag laga foreldra til flott avslutningsfest for 7. steget. Me fekk sjå sjølvlaga dans av elevar, me hadde eit bugnande og flott koldtbord, framsyning av bilete frå elevane gjekk på 5. steget og fram til i dag, gode ord og allsong. Til slutt fekk elevane med seg utvalde elevarbeid i mappe og kvar si rose heim. Eg takkar nok ein gong for tre kjekke år som kontaktlærar, og ønskjer lukke til vidare!

Tekst& foto: Toril S. Bruket

 
7.steget til Bergen
Publisert: 13.06.07 09:45

11. juni reiste 7. steget på klassetur til Bergen.Eit fantastisk ver til å eta nista i Nordnesparken. Me såg den spesielle totempelen i parken, gjekk vidare til Akvariet og såg pingvin- og selmating, samt mykje anna som lever i vatn. Me kikka på Bryggen, og åt så mykje pizza me klarte på Peppes. Deretter var det tid for å bruka pengar i butikkar og buer, før kystbussen tok oss trygt heim att.

Mange takk til Madli og Else-Beth som var med oss på turen, og heldt styr på den lange rekkja med gryande tenåringar i bytrafikken.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 
Ut i naturen
Publisert: 12.06.07 15:45

Halve storskulen var til Dyvikesåta i dag, tysdag. Me hadde ein fin tur, det var fint å gå og god utsikt frå toppen! Me hadde nærleiksgøymsle og koste oss med mat og drikke.
Den andre halvparten av storskulen var på sykkeltur til Trekantsambandet.

Tekst: Kjell Byrknes
Foto: Kjell Byrknes og Anne Elisabeth Trevland

 

 

 

 
Me byggjer oss ein båt!
Publisert: 04.06.07 19.40

7. steget fekk vera med på eit  flott undervisingsopplegg på Ottesen skipsbyggeri i dag.
Johanne Tvedten og Bjørn Arve Lunde var entusiastiske i si undervising, og elevane fekk ta del på eit område mange kjenner lite til.
Takk også til John-Inge Gundersen som var med oss på klinkestasjonen.

Tekst & foto: Sandvik Bruket

 
Tinestafett
Publisert: 23.05.07 20.00

Foto: Egil Petterteig

 
Lyd og hørsel
Publisert: 27.04.07 kl 13.00

 

7. steget arbeider med lyd og høyrsel for tida. I denne samanheng har elevane laga musikkinstrument av ting dei har funne heime. Mange har lagt mykje arbeid i dette, og laga alt frå gitarar til rytmeboksar. Me har fått fram mange ulike lydar.

Tekst & foto: Toril S. Bruket

 
Pizza til alle
Publisert: 28.03.07 kl 15:00

Onsdag 28.mars vart alle elevane på 5.-6. og 7.steget overraska med pizza til lunch!
Dette var ein bonus til alle elevane på storskulesteget for at dei er kjekke og greie og hjelper til med å gjere Sagvåg skule til ein kjekk stad å vera for elevar, studentar og lærarar. Ei spesiell takk til Kari Myhre som saman med 5.og 6.steget var kokkar!

Tekst: Lars Bakka Foto: Kari Myhre

 
Flott fjelltur
Publisert: 23.03.07 kl 16:15

Onsdag 21.mars var 7.steget på tur til utslettefjellet. Dette var ein kosetur, der vi grilla pølser og marshmallows på bål, og eingongsgrill. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Monica Havnerås og Christin Jørgensen

 
Me vann!
Publisert: 12.03.07 kl 18:40

Me vann "Vis med avis" konkurransen, der me konkurrerte med ti andre skular frå Stord og Fitjar.

Måndag kom skulekontakten, Svein Birkeland i blandet "Sunnhordland", med premie til oss. Me fekk diplom, kr 1500, jubileumsbok og ei av dei første utgåvene av "Sunnhordland". Han hadde med seg journalist, som tok bilete og intervjua oss.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 
Høgskulestudent for ein dag
Publisert: 07.02.07 kl 11:45

Brenn lyset? Kor mykje luft har du i lungene? Kvifor ligg olja øvst i glaset? Kva er karbondioksid? Vil raketten fyka? Blir det skitne vatnet reint?
Med god hjelp frå studentar ved HSH, fekk 7.stega frå Sagvåg og Litlabø prøva seg på mange ulike områder innan naturfag. Ein kjekk dag, og elevane fekk ros for god oppførsel.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 
Ein flyktning frå Syria.
Publisert: 25.01.07 kl 15.15

Levon frå Aleppo i Syria vitja 7. steget i dag. Han er flyktning ,og bur på asylmottaket på Heiane saman med familien sin. Knut Jørgen Kvilhaugsvik fortalde om flyktningesituasjonen i verda i dag, og at det bur asylsøkjarar frå 14 land på Heiane. Så få har det ikkje vore på lenge.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 
Digital tekst med studentane
Publisert: 24.01.07 kl 12:00

I dag var studentane på plass att. Elevane på 5-7 steg blei delt inn i grupper. Dei fekk arbeide på Smart boarden, laga film, syngje Singstar, spele Buzz og sett på film. Kjempekjekt.

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

 
Julegraut
Publisert: 18.12.06 kl 18.50

I dag har 2.steget og 7.steget ete julegraut saman. Me hadde ei koseleg stund, og fire elevar var så heldige å finna mandelen....Etterpå spelte me spel og leika saman.

 Tekst: Anne Brit Holm Foto: Aasne H. Vikanes

 
Les, høyr, sjå..
Publisert: 15.12.06 kl 14.30

Denne veka har vi hatt leseveke for 5-7 steg. Elevane har hatt tilbod om dramatisering, høyre høyrespel, sjå film, høyre lydbok og sjølvsagt lese bøker.

 Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 
Skulearbeid...
Publisert: 06.12.06 kl 09:55

Sjølv om det er ein heilt vanleg arbeidsdag for elevane er det ikkje vanskeleg å sjå at det går mot jul. (Har nissen til høgre sovna?)

 Foto: Toril Sandvik Bruket Tekst: Lars Bakka

 
Å lesa er viktig
Publisert: 01.12.06 kl 13:36


Sjå heile biletet her>>

7. steget har dei siste tre vekene skrive statistikk over kor mykje dei har lese heime. Resultatet vart 6395 sider.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 

 
Livredning
Publisert: 07.11.06 kl 12:00

7. steget har i dag gjennomgått hjarte-og lungeredning. Me har trent på brystkompresjonar, innblåsingar "munn til munn metoden" , stabilt sideleie m.m Alle elevane har fått ein pakke frå Norsk Luftambulanse, som inneheld alt ein treng for å læra opp familiemedlemmer . Utstyret i pakken får elevane til odel og eige.

 Les også meir her>>

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

   

 
Til Botnavatnet
14.september 2006 kl 15:35

 

Me hadde ein flott tur til Botnavatnet, med god stemning og harmoniske elevar. Alle kom heilt opp i år!!

Tekst: & foto Egil Petterteig

 

 
Meir om tema: Vatn
14.september 2006

Me var ved Fiskarelva og leita etter smådyr. Det var ikkje mange me fann. Me fiska og fekk 3 små aure som me steikte på stormkjøken. Dei smakte nydeleg.

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 
Vatn
12.september 2006

I tre veker framover er mellomsteget delt i aldersblanda grupper. Nokon undersøkjer liver i fjøra, andre finn småkryp og anna i ferskvatn, og tredje gruppa driv forsøk på skulen.

Her er bilete frå "Forskargruppa"

 

Tekst og foto: Toril Sandvik Bruket

 

 
Tur til Bleikjevikjo
12.september 2006

Ei gruppe frå 5.6. og 7. steget var i Bleikjevikjo i dag, for å sjå på livet i fjøra. Elevane fann mykje spanande. Det meste fann dei og namn på, etter å ha studert bestemmelsesdukar og plastra ark. Nokre fiska og fekk nok til middag for heile familien! Me laga og bål og koste oss med ostesmørbrød m.m.( Hadde fått lov til å laga bål!) På skulen blir det vidare arbeid i morgon.

Tekst og foto: Kjell Byrknes

 
Kunstnarar i arbeid
17.august 2006

Allereie første skuledagen var elevane på 7.steget i full gang med Kunst- og handverk.