.klasse (sag11)

SFO  |   1.klasse(sag17)  |     2.klasse(sag16)   |     3.klasse (sag15)    |     4.klasse(sag14)     |     5.klasse(sag13)     |     6.klasse(sag12)    |   7.klasse(sag11) Tilbakeblikk 



Elevundersøkinga
Bilete ung på Stord>> Foreldrenettverk
2017/18
 
Biletarkiv   Klassen din år for år   Referat foreldremøte 7.klasse  hausten 2017
Video


Sitjeunderlag i ull i +30 grader :-)
Onsdag 31.mai 2018
 

Hurra! Idag vart dei fine turkoppane med fletteband klare. Ikkje nok med det. Sitjeunderlaga er også heilt ferdige no. Det var jammen på tide, for på måndag reiser vi til Gullingen på leirskule, og då kan det vere godt å ha både sitjeunderlag og kopp. Kakaoen fikser dei nok på leirskule;-)


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


På tur til Utslettefjellet
Fredag 25.mai 2018

2. og 7. klasse har vore tur til Utslettefjellet i dag


 
Sjå også bilete på Facebook>>

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje
og Lene T Almås


Fredsstafetten

Tysdag 8.mai 2018
 
8. mai, på sjølve fredsdagen, var 6. og 7. klasse på Vikahaugane og sprang Tinestafetten. Veret var strålande, og det var ein fantastisk innsats frå  begge stafettlaga våre.


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



Beurre beivi

Torsdag 3.mai 2018
 
I dag har mellomsteget hatt besøk av friluftsrådet. Knut hadde eit
flott opplegg om samane. Elevane fekk lage biddus, synge, kaste lasso, setje
opp lavvu og  lage sameleir.




Det var ein gong.....
Tysdag 17.april 2018

Det var ein gong då elevane i 7.klasse var små og gjekk i SFO....
Kjekt å mimra litt i sandkassen :-)


Tekst: Lars Bakka  Foto Beate M Føyen



Det er god kok i 7. klasse!
Tysdag 17.april 2018

7. klasse lærer for tida om stoff og partiklar i naturfag. I dag gjennomførte dei eit lite elevforsøk der dei obeserverte vatn som skifta fase frå væske til gass. Med desilitermål, termometer og stoppeklokke gjekk dei nøye til verks. Det var eit enkelt lite eksperiment, men lærerikt. Resultata var overraskande for mange.


Tekst & foto: Erlend Thoresen



Ung på Stord
Torsdag 12.april 2018

I går  hadde 7. klasse foreldre/elevmøte. Elevane har arbeida med "Ung på Stord" i ein månad, og var klar for å vise fram arbeidet sitt. 7. klasse frå Litlabø var også  med oss denne kvelden, så det var ein stor gjeng. Elevane møtte på skulen med stoooore sommarfuglar i magen, men det gjekk veldig fint. Det var flinke elevar som me er veldig stolte over:-)
Takk til foreldra for veldig bra frammøte!!


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



Grillpause
Torsdag 8.mars 2018

I dag kosa 6. og 7.klasse seg ute med grilling i matpausen.

Tekst & foto: Lars Bakka



Utegym
Måndag 5.mars 2018

Det var stor aktivitet då 7. klasse hadde gymnastikk ute idag. Fotball, aking, skeising og måking. Deilig i eit ikkje altfor kaldt vinterver. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


...og vinnarane er.....
Fredag 2.mars 2018

I dag var det presentasjonsrunde for alle prosjektgruppene i "Smartare energi". To lag går vidare til kommunal konkurranse i rådhuset.


Tekst: Lars Bakka  Foto: Åshild Giving m.f.



Aktuelt tema i 7.klasse
Fredag 9.februar 2018

I dag var Bjarte Epland på besøk i 7. klasse. Han snakka om nettvett, noko som er eit aktuelt tema for dei eldste elevane våre. Torsdag i neste veke, vert det foreldremøte for 7. klasse. Tema er Ung på Stord.


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Finalerunden i sjakkturneringa er i gang
Onsdag 6.februar 2017



Vekesamling
Fredag 2.februar 2017

På vekesamlinga i dag var det Justin i 7 klasse som spela på fiolin. Han spela fantastisk flott og det var ikkje ein lyd å høyra frå publikum, som var svært imponert! Alle klassene fekk gode terningkast på forrige oppdrag.


Tekst: Gro A Halvorsen Foto: Åshild Giving 


Elektrikarar i 7.klasse
Tysdag 23.januar 2018

Elektrisitet var tema i 7.klasse i føremiddag.

Tekst & foto: Lars Bakka


Kjekk gymtime
Onsdag 17.januar 2018

Så kjekt med snø. Det var stor aktivitet i gym.timen til 7. klasse idag. Det var litt dårleg gli i bakken, så dei fleste laga snøskulpturar. Det var både bjørnar og sofaer. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Lesekonkurranse
Torsdag 11,januar 2018

Me har vore med på Norli junior- lesekonkurranse i nesten heile haust. Elevane i 7. klasse har i gjennomsnitt lese 3063 sider kvar. Det er ein innsats som både elevar og lærar er stolte over. Ein dag i desember kjente me at me trengte litt motivasjon for å fortsetje lesinga. Me sette oss eit lesemål for veka, og avtala at dersom me klarte målet, så skulle me ut på tur. Det var det elevane i 7. klasse hadde lyst til som premie. Me klarte målet, og i dag var turen:-)
Me hadde stor bålkonkurranse mellom jentene og gutane. Gutane vart best til å tenne bål utan tennbrikett, og jente var best med:-) Pølsene gjekk ned på høgkant, og turen var avslutta med gøymeleiken.
 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

2. og 7.klasse...
Torsdag 14.desember 2017

I dag var det 2. og 7. klasse som koste  seg med graut. Det var fyr i bålpanna. Det var bra, for det var ikkje altfor varmt ute. Grauten smakte godt, og humøret var på topp.
 
Tekst &  foto: Anne Eliosabeth Trevland

Endeleg vinter!
Måndag 11.desember 2017

Det vart aking ute i gym. timen til 7. klasse idag. Blide elevar og stor aktivitet. 


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Den første adventsamlinga
Fredag 1.desember 2017


Så var det tid for desember og advent. I dag var det elevane i 2. og 7.klasse som hadde ansvaret for adventsamlinga ved Sagvåg skule. Fint at så mange foreldre hadde tid til å starta dagen med oss. Fredag 8.desember er det 3.-4. og 5.klasse som står på scenen, og 15. desember er det 1. og 6.klasse.




Tekst: Lars Bakka Foto Gro A Halvorsen & Lars Bakka


Les for meg!
Tysdag 28.november 2017

7. og 2. klasse har vore saman heile føremiddagen idag. Me har hatt stasjonar.  Ein stasjon var sjakk og ein var å laga snøkrystallar. På tredje stasjonen hadde 7. klasse  funne bøker som dei las til 2, og på den siste stasjonen var det filma. Resultatet  vert ei overrasking til samlinga på fredag. 


Tekst & foto: Anne Elieabeth Trevland

Leseveker på mellomsteget
Måndag 30.oktober 2017

I dag gjekk starten for lesevekene på mellomsteget. I tre veker skal klassane ha ekstra fokus på lesing. Kvar dag skal klassane ha ei felles lesestund der me les ei god bok eller høyrer på ei lydbok. Me ser fram til mykje leseglede.

 

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Ailinn Tingvoll Spissøy

Snakka med NRK om Framtida Junior

Onsdag 25.oktober 2017

I dag tok Marte Rommetveit frå NRK ein prat med Oskar, Ida Elisabeth og Malene frå 7.klasse om "Framtida Junior". Kanskje vert det innslag på radio i NRK Hordland i ettermiddag.

 

Tekst & foto: Lars Bakka

Stasjonar  i 5. og 7.klasse

Onsdag 26.september 2017

I dag har 5. og 7. klasse hatt eit multiplikasjonssamarbeid. Alle elevane vart delt inn i 3 stasjonar, og me øvde på gongetabellen på data, ved springing i gym.salen og ved speling. Kjekt:-)

Norlijunior

Måndag 25.september 2017


Tekst & foto: Anne Elsiabeth Trevland

Då steinalderen kom til Sagvåg skule

Måndag 25.september 2017

Alle elevane på mellomsteget har vore så heldige og fått eit flott undervisningsopplegg om steinalderen. Elevane fekk lage knivblad og skyte pil og boge. Arkeologen Morten hadde masse kunnskap om håndtverket i frå steinalderen og elevane fekk studere redskapa. T.d. hadde han med ein steinøks som var 1,4 millionar år gamal.
  5.klasse: 6.klasse:

Tekst & foto:Åshild Giving m.f.

Kantinemat for 5.-6.-og 7.klasse
Torsdag 31.august 2017
Så kom endeleg den første "kantinetorsdagen" dette skuleåret. Elevane på mellomsteget kunne kosa seg meg ferske, grove rundstykke og sunt og godt pålegg!

Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving

Eg byggjer meg ein båt.
Tysdag 22.august 2017
7. klasse har vore på Jensaneset og vore med på opplegget "Eg byggjer meg ein båt". Johanne Øvstebø Tvedten og Bjørn Arve Lunde lærte oss om gamle båtbyggjartradisjonar. Det gjorde dei på ein levande og engasjerande måte.   Alle fekk laga seg nøkkelring med koparsaum på. Me koste oss i sola medan me pussa, banka og såg på dei gamle trebåtane som låg ved kai. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland