7.klasse (sag03)  2 0 0 9/10  

     Tilbakeblikk

SFO  |   1.klasse(sag09)  |     2.klasse(sag08)   |     3.klasse (sag07)    |     4.klasse(sag06)     |     5.klasse(sag05)     |     6.klasse(sag04)    |   7.klasse(sag03) Tilbakeblikk 

Kontaktlærar>>

Avslutningsfest for 7. klasse
Publisert: Tysdag 22.juni 2010 kl 15:30

Torsdag 17. juni var det flott avslutningsfest for 7. klasse m/foreldre i naustet til Ansgar Vikanes. Her er nokre bilete frå festen.
 

Kari og Aasne

 

 

Tur til Bergen for 7.klasse
Publisert: Onsdag 16.juni 2010 kl 15:00

7.klasse hadde ein flott tur  til Bergen i strålande sol tysdag 15.mai. Me var på Vilvite, åt pizza på Bryggen og fekk tid til å handla til slutt. Takk til Heidi og Eva som tok seg tid til å vera med oss.

Bilete her

 

 
 

 

 Faddertur til Utslettefjellet
Publisert: Fredag 4.juni 2010 kl 14:30

Fredag 04.06. hadde 2. og 7. klasse tur til Utslettefjellet. Det vart ein flott tur! Kjekke elevar, fin sol, fantastisk utsikt og ikkje vind!

Takk for turen frå Signhild, Jorunn, Ann Karin og Aasne

Tekst : Aasne H Vikanes Foto: Aasne H. Vikanes og Ann Karin Ystevik


         
 

Kjekk aktivitetsdag!
Publisert: Fredag 28mai 2010 kl 11:00

Torsdag 27. mai var det den årlege aktivitetsdagen for 7. klassane. Elevane frå Litlabø, Tjødnalio og Sagvåg skule fekk vita korleis klassane vert sett saman når dei kjem til ungdomsskulen i august. Dagen starta med frukost i Samfunnshuset. Seinare var det natursti og pizza. Etter mat var det mange kjekke aktivitetar å velja mellom: kanopadling, volleyball, hesteskokasting, fotball, ridning mm. Elevane fekk god til til å vera saman og bli kjent med dei nye klassekameratane sine.
 

Tekst og foto: Kari Myhre og Aasne H Vikanes


 

Til Håkon (Vert sletta 2/6):

 

Godt humør og stor innsats på fotballbanen.
Publisert: Fredag 21.mai 2010 kl 14:44

Storskuleelevane frå Litlabø, Tjødnalio og Sagvåg har tevla på Nysæterbanen i dag. Eit strålande ver i tillegg til kjekke elevar gjorde sitt til at det vart eit vellukka arrangement. 7. klassen frå Sagvåg tok bronse, 6. klasse gjorde ein flott innsats utan å få medalje, og 5. klasse vann alle kampane i sin klasse, og tok gull!
Fleire bilete

Foto: Lars Andreas og Synnøve Sol

Kunstutstilling og slåball
Publisert: Onsdag 14.april 2010 kl 08:25

Tysdag 13. april var 7. klasse i Kulturhuset og såg fotoutstillinga 'Oil rich N & N' av George Osodi. Han er frå Nigeria og er journalist og fotograf. Han har fotografert i Nigeria og Noreg, og bileta viser korleis oljeindustien har sett spor i dei to landa. Det er store kontrastar. Elevane fekk eit godt innblikk i tilhøva i dei to landa. Etter matpausen var det tid for kroppsøving. Slåball er ein aktivitet som er like populær no som før.

Tekst & foto: Aasne Vikanes


Kreative 7.klassingar
 
Publisert: Onsdag 27.januar 2010 kl 13:30

Ved hjelp av Cernit lagar elevane i 7.klasse flotte dokker.

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Utedag i fint vintervêr
Publisert: Torsdag 14.januar 2010 kl 12:30

Det var stor aktivitet då elevane på mellomsteget var på tur til Dalebakkane. Det var nydeleg ver og føret ga kjempefart i bakken. Me koste oss med pølser, sjokolade og varm drikke.

Tekst:  Anne Elisabeth Trevland  Foto: Anne Elisabeth Trevland & Aasne Vikanes

 

Ikkje Bambi på isen her nei......
Publisert: Fredag 8.januar 2010 kl 14.12

I storslått vintervêr med kulde og sol, var mellomsteget i dag på Storavatnet og skeisa. Litt knudrete is og ein del snø, men det sette ikkje ein stoppar for skeisegleda. Ein flott dag :-)   Fleire bilete>>

Tekst: Hildegunn Heimro  Foto: Mange av elevane

 

Friskt utever
Publisert: Torsdag 17.desember kl 15:15

I dag var heile mellomsteget ute og hadde 50 leiken. Det var ganske kaldt, men me varma oss på varm saft og pølser.

Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Aasne Vikanes



 

 

Graut på ein fredag
Publisert: Fredag 11.desember kl 13:30

I dag inviterte 2.klasse fadrane på graut og saft. I grauten gøymde det seg og tre mandlar, som kanskje gjorde grauten ekstra god. Dei tre heldige fekk ein sjokoladenisse kvar.

Etter måltidet leika alle saman, ute eller inne.

 Me hadde det veldig koselig og takkar for besøket.

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik



 

Stemningsfull adventsamling
Publisert: Fredag 4.desember kl 09:45

Klokka halv ni møtte alle elevane til adventsamling i amfiet. I dag var det elevane i 2. og 7.klasse som hadde ansvaret for samlinga og det vart ein fin samling med mange flinke elevar på scenen. Du finn fleire bilete her>>

Tekst og foto: Lars Bakka


Teknologi og design
Publisert: Tysdag 17.november kl 17:45

Mellomsteget har teknologi og design/leseveker dei to neste vekene. Me ser på film, dramatiserer, les, høyrer lydbok, lager bøker, vasshjul. Me har det veldig kjekt.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


 
 

Lenkjer til Kvitebjørnprosjektet:

 

På tur
 Publisert: Tysdag 15.september kl 18:40

2.klasse og 7.klasse var på tur til utslettefjellet. Me grilla pølser og koste oss. Det var ein fin tur sjølv om me fekk litt duskregn på oss.

Tekst og foto: Ann Karin Ystevik



 

2. og 7.klasse 
Publisert: Måndag 24.august kl 13:30

I dag har elevane i 2. klasse fått vore saman med fadrane sine. Dei har spelt spel og leika saman. Fleire bilete på sidene til 2.klasse>> og 7.klasse>>

Tekst og foto: Kari Almås



 

Sommar-varme
Publisert: Torsdag  20.august kl 22:00

Heile mellomsteget var på sopptur til Nesskogen i dag. Me fann ikkje mykje sopp, men me kokte god kantarellsuppe frå pose. Elevane leika og koste seg i det fine, varme veret. Nokre elevar fann eit ekorn utan kropp og. Lurer på kva som har skjedd?