6.klasse (sag04)  2 0 0 9/10  

     Tilbakeblikk

SFO  |   1.klasse(sag09)  |     2.klasse(sag08)   |     3.klasse (sag07)    |     4.klasse(sag06)     |     5.klasse(sag05)     |     6.klasse(sag04)    |   7.klasse(sag03) Tilbakeblikk 

Kontaktlærar>>

Jippi, endelig sommarferie!
Publisert: Tysdag 22.juni 2010 kl 15:30

Me ynskjer alle saman ein flott sommarferie:-)Ein blid og glad gjeng tok sommarferie i dag! Takk for eit kjekt skuleår saman dykk:-)

 

Helsing Anne Elisabeth og Hildegunn

 


   

 

Repetisjon
Publisert: Fredag 11.juni kl 14:10

6 klassa har vore ute og repetert namn på lauvtre i dag. Elevane var flinke til å finne mange ulike blad som dei fann namn på.
 

Tekst & foto: Anne Elisabeth

 


 
  Mostraspel i strålande solskinn!
Publisert: Fredag 4.juni 2010 kl 14:30

I dag var 6. klasse på Moster og såg sogespelet om Kristkongane på Moster. Me fekk eit godt innblkk i korleis det var for bøndene å venda om frå trua på Odin og Tor,  til den nye trua på Kvitekrist. Det var ei flott forestilling med både action, kjærleik og litt humor.

Tusen takk til Marianne, Irene, Svanhild og Bjarte som stilte opp som sjåførar:-)

Tekst: Hildegunn Heimro  
F
oto:
Hildegunn Heimro & Anne Elisabeth Trevland


 
 

 

 

Godt humør og stor innsats på fotballbanen.
Publisert: Fredag 21.mai 2010 kl 14:44

Storskuleelevane frå Litlabø, Tjødnalio og Sagvåg har tevla på Nysæterbanen i dag. Eit strålande ver i tillegg til kjekke elevar gjorde sitt til at det vart eit vellukka arrangement. 7. klassen frå Sagvåg tok bronse, 6. klasse gjorde ein flott innsats utan å få medalje, og 5. klasse vann alle kampane i sin klasse, og tok gull!
Fleire bilete

Foto: Lars Andreas og Synnøve Sol

 

Tinestafetten 2010
Publisert: Onsdag 12.mai 2010 kl 15:20

I dag gjekk årets Tinestafett av stabelen i strålande solskinn. Sagvåg skule stilte med lag frå 6. og 7. klasse. Det var flinke elevar som sprang. Dei ga alt  :-)

Tekst: Anne Elisabeth Trevland
Foto: Malene Lyngbø og Anne Elisabeth Trevland

 

Blide ungar i deilig vårsol:-)
Publisert: Tysdag 13.april 2010 kl 13:00

Stemningsrapport frå midttimen: Blide ungar, kjekk leik, avslapning og avkledning... Slikt høyrer våren til :-)

 

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 


Besøk av Magne Kydland
Publisert: Fredag 9.april 2010

6.klasse har hatt besøk av Magne Kydland, i dag fredag 09.04.2010. Han er ”sjef” for Sunnhordland avis.

Magne snakka om Sunnhordland nettavis. Han viste oss kva me kan finne der, og han snakka om korleis det er å ha ei nettavis, og at du må vere rask ute med nyheiter. Magne snakka og om kva som er viktig med å ha ei nettavis, og kva me kunne nytta oss med.

 

Tekst: Nora og Malene elevar 6.kl, Foto: Hildegunn

 

 
 

Fuglekassar og gryteklutar
Publisert: Tysdag 23.mars 2010 kl 10:15

Det var stor aktivitet då 6. klasse hadde kunst og handverk i dag. Nokre elevar arbeida med fuglekassar medan dei andre sydde gryteklutar.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



 

 

Smarte forslag frå smarte elevar!
Publisert: Torsdag 18.mars 2010 kl 23:00

Tysdag, onsdag og torsdag har alle elevar i 6. klasse på Stord vore engasjert i ein konkurranse som Ungt entrepenørskap har arrangert. Konkurransen og arbeidet elevane skulle gjera, handla om forslag til kva me skal gjera for SMARTare ENERGI. Konkurransen vart difor kalla SMART ENERGI.

Kommunen, Aker Stord og SKL var bedriftene som var representert, og det var dei som laga problemstillingane elevane skulle jobba med. Alle Sagvågsskulane fekk problemstilling frå SKL og den var slik: Korleis bidra til lavenergisamfunnet 20-20-20? Dette sette krav til ein god porsjon kreativitet, innovativ tenking, godt samrabeid og god presentasjon. Elevane hadde kun onsdagen å få gjort oppgåva på. Torsdag var det presentasjon av arbeidet og sjølv om Sagvåg skule ikkje gjekk heilt til topps, er me svært nøgde med det arbeidet elevane har lagt ned. Dei har jobba iherdig og godt, og laga gode modellar og presentasjonar, og i tillegg har dei lært mykje om energi og energiutnytting. Tre lærerike og kjekke dagar og så må me sei at me fekk servert god mat frå Cold Cat- ein smart grunder!
 

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 

 

Prosjektdag på Vikahaugen
Publisert: Onsdag 17.mars 2010 kl 16:30

Tysdag var heile 6. klasse på Vikahaugane. Smartenergi heiter prosjektet som me skal jobbe med denne veka. Shanty-koret underhaldt oss og me bygde høge tårn ved hjelp av sugerøyr og nåler. Alle fekk pizza og juice. MMmmmmmm. 
Så kom oppgåva som me har jobbe med i heile dag. Me skulle prøve å finne smarte energi løysingar for år 2020. Utfordrande, men kjekt. Elevane har vore utruleg flinke til å samarbeide idag. No står 5 modellar klare i klasserommet vårt. Alle gruppene laga powerpointpresentasjonar. I morgon skal me til Vikahaugane og konkurrere med dei andre 6. klassingane på Stord. Dei 3 gruppene som vinn, får seg ein tur til fylkesfinalen i Bergen.

Fleire bilete

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

  
 

Kanonball
Publisert: Onsdag 3.februar kl 19:00

I dag spelte 6. klasse kanonball ute i snøen. Me leika også Hauk og due. Kjekt med litt leik i staden for tur.

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

 


 

Brannsløkking i 6.klasse
Publisert: Måndag 1.februar 2010 kl 16:30

I dag fekk 6. prøve å slokke brann med pulverapparat. Ei nyttig erfaring som me håper at me ikkje får bruk for.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 

 

 

Snøby
Publisert: Fredag 15.januar 2010 kl 12:00

Etter at 5. klasse har jobba med teikning av hus, målestokk , utskjering og samansetjing , er me no endeleg ferdige med husa våre. Utstillinga står i "Stokksund", og for tida har me snø både ute og inne, berre sjå på bileta.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket


 

Utedag i fint vintervêr
Publisert: Torsdag 14.januar 2010 kl 12:30

Det var stor aktivitet då elevane på mellomsteget var på tur til Dalebakkane. Det var nydeleg ver og føret ga kjempefart i bakken. Me koste oss med pølser, sjokolade og varm drikke.

Tekst:  Anne Elisabeth Trevland  Foto: Anne Elisabeth Trevland & Aasne Vikanes

 

 

Ikkje Bambi på isen her nei......
Publisert: Fredag 8.januar 2010 kl 14.12

I storslått vintervêr med kulde og sol, var mellomsteget i dag på Storavatnet og skeisa. Litt knudrete is og ein del snø, men det sette ikkje ein stoppar for skeisegleda. Ein flott dag :-)  

Tekst: Hildegunn Heimro  Foto: Mange av elevane

 

 

Friskt utever
Publisert: Torsdag 17.desember kl 15:15

I dag var heile mellomsteget ute og hadde 50 leiken. Det var ganske kaldt, men me varma oss på varm saft og pølser.

Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Aasne Vikanes



 

Ikkje akkurat julagraut....
Publisert: Torsdag 10.desember kl 22:30

Ta ein kikk og sjå kva spennande me har fått smaka på i dag:-) Theresa og Bjarte har vore på skulen og fortalt frå Singapore-turen familien hadde i haust. Me fekk sjå kjekke bilete og smaka spennande mat:-)

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro

 

1. og 6.klasse saman
Publisert: Torsdag 3.desember kl 22:00

Onsdag var 1. og 6. klasse saman. Me starta med ei lita songstund. Dei som lurer på korleis det høyrtes, kan glede seg til adventsstund neste fredag. Leiking vart det også tid til før me åt nista saman.
 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 

 

Til biblioteket på Litlabø
Publisert: Torsdag 20.november kl 09:00

I dag har 6. klasse vore på biblioteket på Litlabø. Det er alltid kjekt å høyre Kari Bolette lese. Me fann også mange kjekke bøker som me kan lese no når me har leseveker.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


 

 

Teknologi og design
Publisert: Tysdag 17.november kl 17:45

Mellomsteget har teknologi og design/leseveker dei to neste vekene. Me ser på film, dramatiserer, les, høyrer lydbok, lager bøker, vasshjul. Me har det veldig kjekt.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


 
 

Lenkjer til Kvitebjørnprosjektet:

 

Forfattar-besøk i 6 klasse!
Publisert: Tysdag 3.november kl 16:00

Det var ein redusert gjeng i elevtal (7 av 24 elevar) som i dag tok i mot besøk av forfattar Bente Brattlund. (Til venstre i biletet!) Ho skriv fengjande bøker om verklegheitsnære opplevingar for born og unge. Me hadde ei koseleg stund saman, der me fekk vita om korleis ho tenkjer når ho skriv bøkene sine, korleis det er å vera forfattar og til og med om ho er interessert i fotball. Kva trur de?

Klassen hadde på førehand laga mange spørsmål som me fekk svar på, og desse vil me formidla vidare til dei som ikkje var der. Me gler oss til å lesa fleire av bøkene hennar! Dette besøket er ein del av prosjektet "Den Kulturelle skulesekken".

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 

 

Pizza frå studentane!!
Publisert: Onsdag 14.oktober kl 18:30

Studentane hadde lova oss pizza, og i dag kom dei jammen. Det var kjempegodt.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



 


Les for meg om......
Publisert: Fredag 2.oktober kl 15:30

I dag har fadrane i 6. klasse hatt lesestund saman med "fadderungane" (som dei kallar dei). Det var ivrige lesarar og lyttarar og me hadde ei kosleg stund saman. Etterpå var det nistekos i amfiet før me gjekk ut til friminutt i den fine haustsola!

Tekst og foto: Hildegunn Heimro



Klarer du dette?
Publisert: Torsdag 24.september kl 21:15

No er det 2 gutar på 6 steg som klarar å sykle på tohjulingane. Øving gjer meister. Lurer på kor mange som greier det før jul. Kortspel er mote på mellomssteget for tida. Sosialt og kjekt. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 


Gode eplekaker
Publisert: Torsdag 24.september kl21:15

6.klasse inviterte fadderungane sine ned på kjøkenet i dag for å eta dei gode eplekakene dei hadde baka. Både store og små syntest det smakte kjempegodt med eplekake og is!

Tekst & foto: Kari Myhre

 


 

VilVite på HSH
 Publisert: Torsdag 24.september kl 09:15

Tysdag, 22. september var 6 steg på Forskardagane på HSH. Me fekk sjå på eit kjempeflott show før me vart delt i grupper og gjekk på ulike stasjonar.

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland


     

 


Tur til Utslette-fjellet
 Publisert: Onsdag 16.september kl 17:30

I dag var 1. og 6. klasse på tur til Utslettefjellet. Véret var skiftande, men vi hadde stort sett opphald. Elevane var nøgde med utsikten, og alle ville visa huset sitt. Etter ein litt våt matpause byrja turen nedover igjen. Det virka som om alle elevane kosa seg, og det var ingen alvorlige knall og fall:)

Tekst og foto: Ole Johannes Stople


     

 

 

1.klasse og 6.klasse på Fronter
Publisert: Fredag  21.august kl 10:30

Før den første skuleveka var over er 1.klasse i full gang med tekstskaping på Fronter. I dag fekk elevane god hjelp av fadrane i 6.klasse.

Tekst & foto: Lars Bakka, Egil Petterteig


 

Sopp og litt til....
Publisert: Torsdag  20.august kl 22:00

Heile mellomsteget var på sopptur til Nesskogen i dag. Me fann ikkje mykje sopp, men me kokte god kantarellsuppe frå pose. Elevane leika og koste seg i det fine, varme veret. Nokre elevar fann eit ekorn utan kropp og. Lurer på kva som har skjedd?