5.klasse (sag05)  2 0 0 9/10  

     Tilbakeblikk

SFO  |   1.klasse(sag09)  |     2.klasse(sag08)   |     3.klasse (sag07)    |     4.klasse(sag06)     |     5.klasse(sag05)     |     6.klasse(sag04)    |   7.klasse(sag03) Tilbakeblikk 

 

Kontaktlærar>>

 

Godt humør og stor innsats på fotballbanen.
Publisert: Fredag 21.mai 2010 kl 14:44

Storskuleelevane frå Litlabø, Tjødnalio og Sagvåg har tevla på Nysæterbanen i dag. Eit strålande ver i tillegg til kjekke elevar gjorde sitt til at det vart eit vellukka arrangement. 7. klassen frå Sagvåg tok bronse, 6. klasse gjorde ein flott innsats utan å få medalje, og 5. klasse vann alle kampane i sin klasse, og tok gull!
Fleire bilete

Foto: Lars Andreas og Synnøve Sol

Påskestemning i 5.klasse
Publisert: Fredag 26.mars 2010 kl 12:30

Også i 5.klasse bar skuledagen preg av at det går mot påskeferie.
Fleire bilete

Tekst & foto: Toril S Bruket

 

 

 

Dramatisering, både kjekt og skummelt.
 
Publisert: Tysdag 16.mars 2010 kl 08:30

Rødhette, Rapunsel og Askeladden m. fl. har dukka opp i 5. klasse dei siste dagane. Elevane har arbeidd i sju grupper og dramatisert eventyra. Kjekt å jobba med dramatisering, men også litt skummelt å framføra for dei andre i klassen.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket


 

Etterkomarar etter Comenius-maskoten vår?
Publisert: Torsdag 11.mars 2010 kl 10:00

5. klasse har avslutta temaet om eventyr og segner, og på biletet ser du er eit av resultata. Difor kan me avkrefta at Comenius-maskoten har reist frå alle borna sine.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket



 

 

Å skapa tekst til bilete er ikkje alltid like enkelt.....,
 - endå til om ein har teke bileta sjølv!
Publisert: Tysdag 2.mars 2010 kl 12:45

Det fekk 5. klasse erfara i dag, då fotograf Øyvind Hjelmen leverte attende bileta elevane har teke med eingongskamera dei fekk utlevert nokre veker før vinterferien. Alle elevane fekk då kvar sitt eingongskamera og i oppgåve å ta bilete frå "si verd". Etterpå vart alle kamera levert inn og så plukka fotograf Øyvind Hjelmen ut tre bilete frå kvart kamera, som han framkalla og som elevane skulle skriva tekst til. Desse bileta skal publiserast med tekst, og gje eit innblikk i korleis ein 5. klassing si verd er. Nokre var nok litt overraska over kva bilete han hadde plukka ut, og dei fekk sett at ulike bilete kan fortelja ganske mykje. Dette er 2. året fotograf Øyvind Hjelmen gjennomfører prosjektet "Mi verd" for alle 5. klassingane på Stord. Det ferdige resultatet kan de sjå om nokre veker på skulen.

Tekst og foto: Hildegunn Heimro

 

Utedag i fint vintervêr
Publisert: Torsdag 14.januar 2010 kl 12:30

Det var stor aktivitet då elevane på mellomsteget var på tur til Dalebakkane. Det var nydeleg ver og føret ga kjempefart i bakken. Me koste oss med pølser, sjokolade og varm drikke.

Tekst:  Anne Elisabeth Trevland  Foto: Anne Elisabeth Trevland & Aasne Vikanes

 

Ikkje Bambi på isen her nei......
Publisert: Fredag 8.januar 2010 kl 14.12

I storslått vintervêr med kulde og sol, var mellomsteget i dag på Storavatnet og skeisa. Litt knudrete is og ein del snø, men det sette ikkje ein stoppar for skeisegleda. Ein flott dag :-)   Fleire bilete>>

Tekst: Hildegunn Heimro  Foto: Mange av elevane

 

Friskt utever
Publisert: Torsdag 17.desember kl 15:15

I dag var heile mellomsteget ute og hadde 50 leiken. Det var ganske kaldt, men me varma oss på varm saft og pølser.

Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Aasne Vikanes



 


Teknologi og design
Publisert: Tysdag 17.november kl 17:45

Mellomsteget har teknologi og design/leseveker dei to neste vekene. Me ser på film, dramatiserer, les, høyrer lydbok, lager bøker, vasshjul. Me har det veldig kjekt.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

På toppen av "Konglomeratfjellet"
 Publisert: Fredag 18.september kl 19:30

Som siste klasse ved skulen, gjekk 5. i dag på fjelltur. Me hadde fokus på naturfag og landskap. Kvifor ser det slik ut på Utslettefjellet? Me fann åmer, ein liten beinrest, hjarter i fjellet og mange vekstar. Til slutt leika me nærgøymsle med stor entusiasme. Ein fin tur med ein kjekk gjeng.

Tekst og foto: Toril S. Bruket & Kjell Byrknes

   

 

 
Har du sett ei isbjørndame?
Publisert: Måndag 31.august kl 20:50

5. og 6. klasse var i dag på utstilling i kulturhuset sin kunsthall. Kunstnaren Irene Nordli lagar figurar i porselen, og me fekk sjå både "Hengemenn" , "Egg på vegg" og figurar som er blandingar mellom menneske og dyr. Her var mykje og forundra seg over, noko mange av elevane gjorde. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Toril S Bruket

 

    

Sommar-varme
Publisert: Torsdag  20.august kl 22:00

Heile mellomsteget var på sopptur til Nesskogen i dag. Me fann ikkje mykje sopp, men me kokte god kantarellsuppe frå pose. Elevane leika og koste seg i det fine, varme veret. Nokre elevar fann eit ekorn utan kropp og. Lurer på kva som har skjedd?