.

Sjå tilbake på skuletida:

 

 4. å r s s t e g  (sag03) 2 0 0 6/0 7

 Kontaktlærar>>  Annbjørg Luggenes annbjorg.luggenes@stord.kommune.no Kari Myhre kari.myhre@stord.kommune.no

Eksempeloppgåver nasjonale prøvar>>

Nasjonale prøvar>>

Våre læringsmål etter 3.-4.årssteg:

 
Sjøvett
Publisert: 15.06.07 14:00

3. og 4. steget har vore til Leirvik på "Sjøvett" kampanje. Me har lært miljøvet, livredning, å oppføra oss i båt og korleis me skal behandla folk som er bevistlause.
Me var innom fem stasjonar , der det var personell frå "Hitra" som underviste oss.
Veret var fint og me kosa oss alle.

Tekst & foto:  Kari Almås

 

 
Ut i sommaren
Publisert: 07.06.07 12:40

Me har svært kjekke elevar på småskulesteget. I dag ville lærarane visa at me er glade for det. Alle elevane fekk pølser og me leika saman på det fine uteområdet vårt.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 
Uteskule
Publisert: 06.06.07

 

I det fine veret onsdag hadde 1. og 2.steget ein fin tur. Me leita etter ulike sommarblomar, smidde med knivane våre og leika i skogen.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 
Fotballdag for 1.-4.
Publisert: 23.05.07 13.10

Onsdag 23.mai hadde småskulesteget saman med Litlabø-, Tjødnalio-  fotballdag på Nysæter stadion. Me fekk ein veldig fin dag og elevane kosa seg. Fleire bilete her>>

Teks og foto: Kari Almås

 
Me lagar knivar
Publisert: 22.05.07 12.40

Elevane på 4.steget har laga treknivar i Kunst- og handverk. Du finn fleire bilete her>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Annbjørg Luggenes

 
Raudt lys
Publisert: 19.03.07 kl 11:55

Fyrste del av dagen i dag var småskulen i Kulturhuset og såg teaterstykket
"Rødt lys", som er skrive av stordabuen Per Jan Ingebrigtsen. Elevane storkoste seg og fekk vera med på både song og dans!

Tekst: Jenny Sætre Foto: Aasne H. Vikanes

 
Steinalderen
Publisert: 11.03.07 kl 18:00

Onsdag 11. april har 3. og 4. steget vore på museet og lært om
steinalderen. Me laga steinaldersmykker, jakta med pil og boge, laga steinknivar og sett på ting i steinaldersamlinga.
Så fekk me smaka fisk som var steikt i eit hol der det var varme steinar. Me har hatt ein flott og lærerik dag. Takk til foreldra som køyrde oss på  morgonen. Fleire bilete på sidene til 3.steget>> og 4.steget>>

Foto: Kari Myhre  Tekst: Kari Almås

 

 
Samane
Publisert: 21.03.07 kl 16:45

Dei siste vekene har 4.steget arbeidd med  emnet samane.
I K&H har elevane laga små vesker. Etter påske vil nokre strikka
samedokker.

Tekst & foto: Annbjørg Luggenes

 
Sosial samling
Publisert: 17.03.07 kl 17:00

Fredag 16.mars hadde 1.-4.trinnet sosial samling i amfieet. Det var 4.steget som hadde ansvaret denne gongen, og temaet var "Torbjørn Egner". Me song, spelte og las frå Hakkebakkeskogen og Kardemommeby. Det var mange flotte innslag! Fleire bilete>>

Tekst: Kari Myhre Foto: Kari Myhre m-f.

 

 
Baking på 4.steget
Publisert: 12.12.06 kl 16.05

4.steget koste seg på kjøkenet i dag. Me bakte julemenn, og alle fekk litt med seg heim. Det smakte godt!

 Tekst og foto: Kari Myhre

 
I platestudio!
Publisert: 30.11.06 kl 10:15

 

I dag hadde 4.steg og 6.steg musikktime saman. Egil tok opp den fine songen, og det var akkurat som å vere i platestudio. 6 steg lærte også vekk Fugledansen til 4. steg.

Tekst & foto: Egil Petterteig og Anne Elisabeth Trevland

 

 
Å strikka er kjekt!
Publisert: 14.11.06 kl 13:00

4. steget syns strikking er gøy. Nokre kunne det frå før, dei andre er ivrige etter å læra.

Tekst & foto:  Annbjørg Luggenes

 
Til SIM
Publisert: 11.oktober 2006 kl 15:40

Tysdag 10.oktober var 4.steget på omvisning hos SIM i Svartasmoget. Me lærte om avfall og resirkulering. Torleiv Agdestein viste oss rundt på heile området, og det var veldig kjekt. Det var spennande så sjå kva som skjer med bosset vårt! Lukta var ikkje så vond som me hadde trudd....
 

Tekst & foto: Kari Myhre

 

 

Sosial samling
Publisert: 30.september 2006 kl 11:15

Småskulesteget hadde samling i amfiet torsdag morgon. Me song haustsongar saman, og dei ulike stega song og leste dikt. Denne gongen var det 4.steget som hadde ansvaret for samlinga.

Tekst: Kari Myhre Foto: Annbjørg Luggenes

 

Arbeid på tvers av årsstega.
Publisert: 20.september 2006 kl 16:00

6 tysdagar denne hausten vil alle elevane på småskulesteget arbeida i grupper. Me har ei kjøkengruppe, ei utegruppe, ei gruppe som er i formingssalen og arbeider med trykking, ei gruppe er i gymsalen, ei anna syng og spelar og den siste gruppa dramatiserer eventyr. Her er bilete frå nokre av gruppene den første tysdagen.

Tekst: Brita Flatøy Foto: Kari Myhre

 
På Nysæterbanen
14.september 2006 kl 15:35

 

Småskulesteget nytta den fine seinsommardagen til å gå på tur til Nysæterbanen. Her er nokre bilete frå denne koselege dagen.

 

Tekst & foto: Brita Flatøy