.
klasse (sag14) 

SFO  |   1.klasse(sag17)  |     2.klasse(sag16)   |     3.klasse (sag15)    |     4.klasse(sag14)     |     5.klasse(sag13)     |     6.klasse(sag12)    |   7.klasse(sag11) Tilbakeblikk 

   
Biletarkiv   Klassen din år for år Kartlegging digitale ferdiogheter:
ELEVPÅLOGGING>>
Foreldrenettverk
2017/18
Referat frå
foreldremøte 21/9-17
 
Pyramidebilete:


Alle barn sykler - dag 2

Tysag 29.mai 2018
 
Dagen i dag bestod av litt teori og så vart resten av dagen nytta til sykling i det flotte vèret. Me har sykla hinderløype og hatt ferdighetstrening, både trafikale og motoriske. Og så har det vore to flotte sykkelturar i Sagvåg/Litlabøområdet. Den eine turen kvalifiserte til bestått praktisk del på sykkelprøven. No står det att å gjennomføra teoriprøven og så får utdelt ;-levane sykkelsertifikat:-) 
Tusen takk til Veronika og Kjartan for eit veldig kjekk opplegg. Sjekk bileta, så ser de kor kjekt me har hatt det;-)
Tekst: Hildegunn S Heimro Bilete: Veronika, Amalie



Matematikken sin dag 1 - 4 klasse

Torsdag 24.mai 2018

 
Me gjekk opp til Solidbanen i stålande ver:)
Der var det 12 ulike postar som elevane gruppevis  skulle gjennomgå.
Dei eldste på gruppa hadde ansvar for å vera gruppeleiarar, noko dei var flinke til.
Dei skulle mellom anna finna ut kor mange elevar det er på småskulen til saman, måla bommen som går over vegen der oppe, byggja eit tårn av stein og så måla kor høgt det var, tippa makaroni i glas, 
kasta på ringspel og telja poenga, trilla terningar til 100, klyppa eit ark slik at  det vert så langt som mogleg, tippa vekt på stein.Engasjementet var stor og alle sprang frå post til post for å løysa oppgåvene.
Etter mat var det god tid til leik på Solidbanen.
Ein flotte gjeng med elevar som har kosa seg i finveret:)
Tekst: Gro A Halvorsen Foto: Lene T Almås



ALLE BARN SYKLER - NORGES CYKLEFORBUND
Tysdag 22.mai 2018
 

Me i 4. klasse er så heldig at me får vera med på eit opplæringsprogram i regi av Norges Cykleforbund som heiter Alle barn sykler. Det går over to dagar og hovudmålet med prosjektet er å skapa tryggleik for barn på sykkel, og oppmuntra til auka fysisk aktivitet med sykkel som naturleg framkomstmiddel. Tysdag hadde me besøk av Veronika og Karl Jonas. Dei gjennomførte lærerike og kjekke aktivitetar. Neste tysdag kjem dei attende, og heile opplegget vert avslutta med ein sykkeltest:-) Me gler oss til neste tysdag!
Foto: Ingelin Hansen, Thea Amalie Hovland, Beate M. Føyen



4.klasse vann pokalen!

Tysdag 22.mai 2018

Det var 4.klasse som stakk av med vandrepolalen for beste klasse i 17.maitoget 2018! Gratulerer!!

Tekst: Lars Bakka Foto: Hildegunn Sabø Heimro



Me sagar!
Onsdag 16.mai 2018

Også 4.klasse har vore med på saging av bålved. Flott jobba!!

Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Hansen 



Vårsamling på småskulen
Onsdag 9.mai 2018

Samlinga starta med at musikkstudentar leiia 2. klasse med framføring av "Splitter Pine". Deretter vart det flotte innslag frå alle klassane i småskulen, og felles song. 
Etterpå gjekk me ut i vårsola og åt nista vår. 
.
..


Tekst & foto: Lene T Almås



Den store batterijakta
Onsdag 11.august 2018


Kjenner du ein 4.klassing i nabolaget ditt? Då kan du levera brukte batteri til oss. Me blir glad for alle batteri me får for me er med i Batterijakten, arrangert av Miljøagentene. Siste frist for innlevering er 29. april. Helsing 4. klasse på Sagvåg skule

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro




Digital kompetanse
Onsdag 11.april 2018

I dag har elevane i 4.klasse gjennomført test der digital kompetanse vert kartlagt. Det er Utdanningsdirektoretet som ha laga testen. Ved Sagvåg skule er det IKT-plan Norge som ligg til grunn for vårt arbeid på dette området.

Tekst & foto: Lars Bakka



Tre flotte teaterframsyningar
Tordag 5.april 2018 (oppdatert kl 19.40)
 

Me har fått oppleve to flotte teaterframsyningar med 4. og 5.klasse i dag. Den første var med barnehagane, den neste med heile skulen og til slutt kjem den tredje kl 18.00 i kveld for foreldre og andre interesserte!
   

Filmen frå framsyninga

Bonusklipp: Kom kom kom, kompis!

4. og 5.klasse har hatt teaterfremasyning ved Sagvåg skule heilt sidan 2012>>

Tekst & foto: Lars Bakka



Inger + Andre = rart
Onsdag 4.april 2018
 

I dag er det hektisk innspurt i arbeidet med teatererstykket "Inger + Andre = sant" ved Sagvåg skule. Stykket tek utgangspunkt i forfattarskapet til Inger Hagerup og Andre Bjerke.
Oppsetninga er eit samarebeid mellom Kulturtanken, Høgskulen på Vestlandet og Sagvåg skule.
 
Speleplan:
Torsdag 5.april:
10.00 Forsteilling for barnehagane
11.45 Forsteilling for heile skulen
18.00 Open forestilling for alle som vil komma og sjå!
 

Tekst & foto: Lars Bakka




Meir  om bruer
Torsdag 8.mars 2018

3. klasse laga bruer med klossar i K & H . Etterpå gjekk dei på tur i nærmiljøet og fann mange flotte bruer å sjå på.  Tilslutt teikna dei  bruene dei hadde sett.
Tekst & foto: Gro A Halvorsen



DisKo....
Tordag 8.mars 2018

I går hadde me DiSko-dag i 4. og 5. klasse igjen. Me jobba med songane til forsetillinga me skal ha i april. Det blir flott. Nytt i vår er at me også lagar eit kor av frivillige frå 4.-7.klasse, slik et endå fleire får vera med og synga med veldig flinke instruktørar. Det var ein kjekk dag, og me ser fram til ein ny kjekk dag neste veke. 


 Tekst & foto: Egil Petterteig



Bamsar i 2.klasse
Onsdag 14.februar 2018

2.klasse sine bamsar, som dei laga sjølve, skal få vera med heim og ta vinterferie snart.

Tekst & foto: Lene T Almås




4.+5.klasse= SANT!
Fredag 2.februar 2018

Det er alltid kjekt når 4. og 5. klasse gjer noko saman. 
Elevane var aktive og no skal dei snart i gong med å
øve til ei framsyning i lag.


Tekst & foto: Åshild Giving



Sjakkturnering
Tysdag 9.januar 2018

No er sjakkturneringa i småskulen i full gang.

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro
 

Sprek oppstart etter jul.
Tysdag 2.januar 2018

Her er ein liten stemningsrapport frå Sagvåg skule den første skuledagen tysdag morgon. Elevena i 4.klasse hadde ein sprek start med gym.


Tekst & foto: Lars Bakka

Førjulsaktivitetar i 4. klasse
Måndag 17.desember 2017

Ein kjekk dag med blide elevar.

Tekst & foto: Aasne Høviskeland Vikanes

Koding i 4.klasse
Fredag 15.desember 2017

Også elevane i 4.klasse er ,med på "Kidsa koder".


Tekst & foto: Kjell Byrknes

Graut og bål!
Tysdag 12.desember 2017

Det var god førjulstemning med bål og graut i uteamfiet i dag. Det var elevane i 3.-4. og 5.klasse som kosa seg i det fine vinterveret.


Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving & Lars Bakka

Den andre adventsamlinga
Fredag 8.desember 2017

3.- 4.- og 5.klasse gav oss ei flott adventsamling med mange foreldre tilstades.  Dei fekk med seg både song og teater. Nokre bilete og filmsnuttar finn de her.


Tekst & foto: Lars Bakka

Kroppsøving i 4. klasse
Tysdag 5.desember 2017
Tysdag var det jentene sin tur til å bestemma kva aktivitetar klassen skulle ha i kroppsøvingstimen. Dei valde å dela salen i to. På den eine sida av salen var det kanonball, og på den andre sida kunne dei velja mellom ulike aktivitetar. Positive elevar og god innsats!!

Tekst & foto:Aasne Høviskeland Vikanes

Kjekk DiSko (Dialogbaserte Skolekonsert)
Torsdag 30.november 2017

Som ein del av eit prosjekt saman med HVL og Kulturtanken, har 4.klasse hatt besøk heile 6 dagar i haust, av profesjonelle musikarar, som har laga musikk saman med elevane. Songarane Elin Hestenes og Kristine Bjånes har sunge mykje med oss, og lært oss nye kjekke songar. Resultatet av det heile fekk 1.-3. klasse og nokre foreldre og besteforeldre høyra torsdag. Det vart ein flott konsert. Gitaristen heiter Markus Kydland og er masterstudent i musikk ved HVL. 


Tekst: Egil Petterieig Foto: Lars Bakka

Juleførebuing i 4. klasse
TYsdag 28.november 2017

Me går inn i ei fin tid der tradisjonar, litt stress og ettertanke er stikkord. Me har kun halde oss til det fyrste stikkordet i dag og førebudd klasserommet for advent :-)



Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

Det snør, det snør.....
Fredag 24.november 2017



Tekst & foto: Aasne H Vikanes

Vekesamling med song og akrobatikk
Fredag 24.november 2017

4.klasse hadde flotte kulturinnslag denne fredag morgonen med flott song frå heile skulen og tøff akrobatikk frå turnarane i klassen. Elles hadde alle elevane godrt eit flott arbeid i "Mot til å glede"-oppdraget . Neste fredag er det tid for den første adventsamlinga, og då tek vekeoppdraga ein pause i desember.

Tekst & foto: Lars Bakka

Matematikk i 4.klasse
Fredag 17.november 2017

Fredag fekk elevane i 4. klasse velja ulike aktivitetar i matematikktimen. Dei kunne trena på klokka, ha gonge-bingo, Yatzy med meir. Det vart òg servert peparkaker. God innsats!!

Tekst & foto: Aasne H Vikanes

Klokka i 4. klasse
Fredag 10.november 2017

I dag har 4. klasse hatt stasjonar i matematikk. Elevane har øvd både på digital og analog klokke. Ei god arbeidsøkt!


Tekst: Aasne H Vikanes Foto Nathalie Langeland Wiersen

Smånytt frå 4. klasse!

Fredag 3.november 2017


Kva er vel betre enn å starta dagen men fin musikk? Takk for gode tonar - me gler oss til å høyra meir   Elles har me denne veka hatt tema Vis med avis der me har lese og lært om avis, me har hatt lesetester og så har nyleg me gjeve ut diktboka Haustdikt Me avslutta veka med ulike aktivitetar og ynskjer alle ei god helg




Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro

Til biblioteket på Litlabø
Ondsg 18.oktober 2017

Biblioteket er ein kjekk stad ! Ikkje minst når fjerdeklassingane får opplest utdrag av ei spennande bok. Me håper at mange får auka leseglede.

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Til biblioteket på Litlabø
Ondsg 18.oktober 2017

Biblioteket er ein kjekk stad ! Ikkje minst når fjerdeklassingane får opplest utdrag av ei spennande bok. Me håper at mange får auka leseglede.

Tekst & foto: Kjell Byrknes
 

Kva har skjedd med Queensway?

Måndag 25.september 2017

Å stimulera til skriveglede er ikkje alltid like enkelt. Oppgåver som fenger, rettleiing og gode verktøy er viktig. Her er 4. klasse i djup konsentrasjon med skrivemysteriet: Kva har skjedd med Queensway?
 

Tekst & foto:Hildegunn S Heimro
 

Gongetabell-bingo
Måndag 25.september 2017

Det er mange måtar ein kan øva på å læra seg gongetabellen - t.d. ved bruk av BINGO. Her øver 4. klasse
 

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

4.klasse til SIM
Måndag 18.september 2017

Fjerde klasse fekk på måndag ein tur til SIM. Først var me ein tur til Svartasmoget. Der fekk me mellom anna sjå korleis dei laga jord av biaoavfallet og treflis. Det var og undervisning om sortering av avfall. Det var det Johannes som tok seg av. Han var og vår guide då me kom fram til Heiane og sorteringsanlegget der. Elevane blei til slutt "testa" i det dei hadde lært, då dei måtte sei kvar dei ville kasta ulike typar bos. Dei fekk ein god karakter av Johannes!


Tekst & foto: Kjell Byrknes