4.klasse (sag15)  2 0 1 5/1 6  

SFO  |   1.klasse(sag15)  |     2.klasse(sag14)   |     3.klasse (sag13)    |     4.klasse(sag12)     |     5.klasse(sag11)     |     6.klasse(sag10)    |   7.klasse(sag09) Tilbakeblikk 

                          Tilbakeblikk  Informasjon om foreldrenettverk Biletarkiv
 
 

Strikk ein sommarfugl!


4.klasse har dei siste vekene lært å strikke, og alle har no strikka seg minst 1 stk somarfugl. Nokre elevar kunne strikke frå før, dei har strikka fleire, og også vore gode hjelparar når hjelpekøen har vorte litt lang.

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje



Onsdag 8.juni 2016

Tusen takk til alle som var med oss på den årlege sommarfesten i ettermiddag. Det vart underhaldning i gymsalen, avslapping i sola og fotballkamp mellom Elevrådet og FAU. FAU vann fortent 3-1.
Kr 3540,- vart overskotet etter festen, desse pengane  får Elevrådet disponera.

Tekst: Lars Bakka Foto: Lars Bakka og Ronny Furre

Helleristningar
Fredag 3.juni 2016
Bronsealder er tema i samfunnsfag i 4.klasse og i dag har me laga helleristingar i kritt ute på skuleområdet. Det vart mange fine resultat.
 

Tekst & foto: Anne Brit Holm

Strikking i 4.klasse
Måndag 23.mai 2016

I 4.klasse strikkar me. Stikk du innom kroken vår om fredagen, kan du sjå flinke elevar som konsentrerer seg om strikketøyet sitt. Å strikka er ikkje alltid like lett, men målet vårt er at det skal bli ein sommarfugl til slutt :-)


Tekst & foto: Anne Brit Holm
 

Symjeopplæring med 2.-4. og 6.klasse
Tysdag 24.mai 2016

I går var det 2.-4. og 6.klasse som hadde symjeopplæring. Det går mot slutten av "sesongen", og  i slutten av mai vil alle elevane  få nye symjediplom som viser kva kompetansemål dei har nådd i dette faget i løpet av året.
2.klasse:      4.klasse:       6.klasse:

Tekst & foto: Lars Bakka

Vårleg vekesamling med 4.klasse
Fredag 20.mai 2016

I dag var det 4.klasse som gav oss kulturinnslaget på vekesamlinga. Vekeoppdraget har vore å skriva brev til rektor om korleis eg har det på skulen. Rektor har fått over 150 brev og er i full gang med å lesa alle breva.
I neste veke vert det dei tilsette som får terning! Hugsar dei å seie god morgon på teiknspråk kvar dag!?



Tekst & foto: Lars Bakka

Vårsamling!

Onsdag 11.mai 2016
 
1. - 4.klasse hadde vårsamling i Amfiet på tysdag. Det vart framført mange fine vårsongar og ulike dikt. 4 klasse hadde ansvar for samlinga og stilte med flinke programleiarar :)

Tekst: Gro A Halvorsen & Foto:Ingrid Kvernenes Misje

Matematikken sin dag :)
Tysdag 26.april 2016
1.- 4.klasse har hatt matematikken sin dag med mange ulike aktivitetar.
Me har vore på matematisk skattejakt, hatt stafettbingo, jobba med matematisk pyramide, spelt  spel, hatt ulike aktivitetar med tid og målt ting. T.d 202 meter tannkrem !!
Kor mange meter tannkrem er det i ein tube ? Elevane gjetta  0,5 - 85 meter. Rekorden blei 70 meter !
Takk til elevrådet som sponsa oss med pengar til pølser som me kosa oss med i matpausen :)

Tekst: Gro Akselsen Halvorsen   Foto: Åshild Giving
 


Hopp for hjarta
Tysdag 26.april 2016

I dag startar den landsomfattande "Hopp for hjertet" konkurransen og 4.klasse er med for fyrste gong i år.
Dei spreke 4.klassingane kan nok samla mange poeng i konkurransen som varer fram til 19.mai.
 
Tekst & foto: Anne Brit Holm
 


Farvel til Ida
Onsdag 13.april 2016

Ida har vore student i 4.klasse dette året. På onsdag hadde ho sin siste dag i praksis og det vart ei kjekk avslutning med kake, saft og quiz. Alle i 4.klasse ynskjer Ida lukke til vidare i utdanninga si.

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 

Påskelunsj og vekesamling
Fredag 18.mars 2016
Den siste dagen før påske hadde me vekesamling og påskelunsj. Det vart ei fin samling i gymsalen med ferske rundtykke, juice, pålegg og egg til alle elevane.
 
    Ein liten film frå samlinga:

Tekst:Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje og Lars Bakka
 

Vekesamling med 4.klasse
Fredag 11,mars 2016

Med 4.klasse på senen vart det vekesamling med alvor og underhaldning. Fokus i alle klassane også den siste veke før påskeferien er "Godt skulearbeid"

Tekst: & foto: Lars Bakka
 

Hoppande glade jenter!
Torsdag 10,mars 2016
Hoppande glade jenter frå Fitjar Vidaregåande skule fer i dag tilbake til sin eigen skulebenk. I 3 gode veker har dei vore i 1., 2., 3., og 4. klasse og dei har vore til stor hjelp og glede for oss.

Tekst: Ann Kristin Brakedal Foto: Åshild Giving
 

Kven er eg og kven er du?




Torsdag 10.februar 2016
På onsdag prata med om kjønn og identitet i naturfagen. Kan me sei kva kjønn ein baby er om den har bleie på? Kva er særskild med meg, og kva gjer deg til den du er? Kva kan me velgje og kva kan me ikkje velgje? Kva gjer oss like og kva gjer oss ulike? Og kanskje mest spanande av alt: kan me gjette kven babyen er? Mange hadde forandra seg mykje, medan andre var lette å kjenne att. 
Me fortsett med temaet vidare i naturfagen, dette fenger!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Sosial samling i 1.-4.klasse
9.februar 2016
Småskulen hadde ei flott vintersamling med norske og engelske innslag. 1. klasse hadde laga flotte sauer som var med i songen. 2. klasse hadde eit spanande og variert potpurri. 4. klasse song ein engelsk song om månadane. 3. klasse hadde ansvar for samlinga og sto på slalåm, dansa og song på den siste fellessongen.
Bildene har Ingrid tatt og det skal  være på en av de store kameraene.

Tekst: Åshild Giving Foto:
 Ingrid Kvernenes Misje
 
Til biblioteket
Måndag 8.februar 2016

I dag har 4.klasse vore på biblioteket på Litlabø. Høgtlesing og boklån stod på programmet, men i tillegg fekk me ekstra god hjelp til å finna kor dei ulike bøkene var plassert. Det var mange av elevane som lånte både bøker og filmar med seg heim.

Tekst & foto: Anne Brit Holm
 

Stille som mus!
Fredag 5.februar 2016

Det var ikkje ein lyd å høyra i 4.klasse då alle sat oppslukt med matematikk-konkurransen Mattmatch i dag.

Tekst & foto: Lars Bakka
 

Pinnedyr

Fredag 5.februar2016

4. klasse er godt i gong med nokre fantasifulle pinnedyr. Oppgåva går ut på å skape nytt liv i ein gammal kvist. Kan me få den til å sjå levande ut? Kan me hente fram ein personlegdom i den? I alle fall skal det bli ein dekorativ sak å ha på hylla. Elevane spikkar, pussar, sager, borar, spikrar, limer og målar. Me har vore innom mange ulike samanføyingsmetodar og overflatebehandlingar. Og læraren er godt informert om kva verktøy alle har heime ;)

Foto: Sander og Leah
 

Sagvåg skule 10 år
Onsdag 27.januar 2016


I dag feirar me oss sjølve med tre teaterframsyningar med elevane frå 4. og 5.klasse på scenen. Den første framsyninga var for barnehagane og asylsøkjarane kl 09.30, den neste er for heile skulen kl 11.30 og til slutt kjem foreldra til borna i 4. og 5. på kveldsframsyning kl 18.00
Andre som har tid og lyst er også hjerteleg velkomne!


Tekst
& foto: Lars Bakka
 

Kjekt med vinter og snø!

Torsdag 20.januar 2015
 
4. og 5. klasse har travle dagar med øving til jubileumsforestilling, men i dag tok me oss ein velfortent pause ute i det fine vinterveret. Me leika i snøen, steikte pølser på bål og mange koste seg i akebakken. Slike vinterdagar skulle me hatt fleire av :-)
 
Tekst & foto: Anne Brit Holm
 

Folkemusikk også i 4.klasse

Tysdag 10.november 2015

I dag var det 4.klasse som fekk oppleva felespelar Frank Henrik Rolland og Helena Kjepso frå Hardanger folkemuseum, Her er ein liten film

Film & tekst: Lars Bakka
 

Opera på HSH

Torsdag 5.november 2015
4.klasse har i dag vore på HSH og sett opera frå boka "Tonje Glimmerdal". Det er studentar og lærarar på musikk og kunst-og handverk som hadde laga operaen. Kjekt for oss som laga opera i fjor å sjå korleis dei hadde gjort det her. Det var ei veldig kjekk framsyning, med flotte kulisser og flinke skodespelarar!

Tekst & foto: Egil Petterteig

 

Dyr som ikkje finst meir
Torsdag 29.oktober 2015
Me har om dyr som ikkje finst meir i naturfagen i 4. klasse, både dyr som levde for mange millionar år sidan og dyr som vart utrydda for ikkje så lenge sidan. 
I dag har me vore ute og laga våre eigne skjelett og fossil (også av nokre dyr som ikkje er utrydda). 
Spør gjerne 4. klassingen din om kven Ida er. Fossilet, ikkje studenten :)
 

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

 

"Verdas mest forelska par"

Tysdag 27.oktober 2015
I dag har 4.klasse vore på teater i kulturhuset. Teaterstykket me såg,  "verdas mest forelska par ", var basert på Rune Belsvik si bok med same tittel. Det var ei  kjekk og morosam stund for både små og store :-)
 

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 
4.klasse til SIM
Fredag 16.oktober 2015
I dag har 4.klasse hatt ein flott og lærerrik dag på SIM. Fyrst gjekk turen til Svartasmoget og der venta Ole Grov på oss. Ole lærte oss mykje om avfall, sortering, resirkulering, avfall i naturen og kva som skjer med bosset vårt når det vert henta av bossbilen. Etter me hadde ete nista vår fekk me ei omvisning i buss. Me fekk sjå eit deponi for restavfall og "komposten" der biobosset vårt var blitt til fin jord. Turen gjekk så til Heiane og der fekk me læra om kor me skal kasta ulike avfallstypar. Heilt til slutt måtte me ha eksamen for å sjå om me hadde lært noko....og det hadde me! Me fekk karakteren 6 :-)

Tekst & foto: Anne Brit Holm
 

Vekesamling
Fredag 18.september 2015

Me fekk ei innhaldsrik veksesamling i dag. Det vart flott kulturinnslag frå 4.klasse, overrasking-artistar, gjennomgang av veka som gjekk, møte med nye studentar og oppdrag med fokus på skulearbeid og lekser også neste veke.


Tekst & foto: Lars Bakka

 
 
Skal me vera venner?
Fredag 4.september 2015

Denne songen syng me i alle klassar på skulen desse vekene når me har fokus på  kampanjen Vaksne skaper vennskap - saman. Les meir på mmm.udir.no
Her er vennskapsbilete frå den kjekke leikestunda me hadde på tvers av 1. - 4. klasse. Mange koselege kommentarar og konstellasjonar


Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro

Vekeslutt i 4.klasse
Fredag 21.august 2015
I dag har 4.klasse avslutta den fyrste skuleveka ute i det fine sommarveret. Me gjekk ned i sykkelstien og der fann me mykje blåbær og bringebær. Det vart også tid til å spikka litt på pinnar og leik i skogen før me tok helg.

Tekst & foto: Anne Brit Holm