4.klasse (sag06)  2 0 0 9/10  

     Tilbakeblikk

SFO  |   1.klasse(sag09)  |     2.klasse(sag08)   |     3.klasse (sag07)    |     4.klasse(sag06)     |     5.klasse(sag05)     |     6.klasse(sag04)    |   7.klasse(sag03) Tilbakeblikk 

 

Kontaktlærar>>

           
Matematikk       Norsk        
 

Fotballdag for småskulen
Publisert: Fredag 28mai 2010 kl 15:00

Onsdag var det småskulen sin tur til til å ha fotballballdag saman med Litlabø og Tjødnalio skular.Det var litt kaldt denne dagen,men humøret var på topp. Innsatsen under kampane var det heller ikkje noko å seia på. Det såg ut som om alle hadde det kjekt. Elevane takka kvarandre for kampane og var like høflege og blide enten dei hadde vunne eller tapt kampen sin.

Fleire bilete på sidene til 1.kl, 3.kl og 4.kl

Foto: Lærarane på småskulen Tekst: Brita Flatøy

 

 

 
 
 

Det spirer og gror
Publisert: Fredag 21.mai 2010 kl 09:55

3. og 4.klasse har vore ut og leita etter blomar idag. Sjølv om det har vore kaldt, fann ivrige elevar mange vårblomar.

Tekst & foto: Annbjørg Luggenes

 

Vekt, volum og lengd
Publisert: Torsdag 29.april 2010 kl 18:40

I dag har 4.klasse jobba med å måla kva ulike ting veg, og kor mange deciliter eller liter vatn det er plass til i glas, koppar og skåler. Me målte og breidde og lengde på dørar og trapper i Amfiet. Til og med rektor som gjekk forbi vart målt. Det var stor aktivitet og arbeidsglede.
 

Tekst og foto: Brita Flatøy


 

Kunst og handverk i 4.klasse
Publisert: Torsdag 29.april 2010 kl 10:30

4.klasse lagar seg treknivar på sløyden for tida. Dei er svært ivrige med tollekniv, rasp, fil og sandpapir. Her er nokre bilete frå arbeidet på tysdag.
 

Tekst og foto: Brita Flatøy



 

  

Hopp for hjartet
Publisert: Torsdag 22.april 2010kl 10:30

I fjerde klasse hoppar me tau kvar einaste friminutt denne og neste veka. Me er med på ein konkurranse mellom ulike skular i Noreg. Det er Nasjonalforeningen for folkehelsen som arrangerer denne konkurransen. Elevane er blitt svært flinke. Nokre hoppar åleine, medan andre hoppar fleire ilag. Her er nokre bilete frå eit friminutt onsdag.

Tekst og foto: Brita Flatøy

 


 

Påskeverkstad
Publisert: Onsdag 24.mars 2010 kl 15:30

I dag hadde heile småskulen påskeverkstad dei to fyrste timane. Det var studentane som stod for organiseringa og  aktivitetane denne gongen. Elevane laga påskekyllingar med fjør og ulike påskekort. Både studentar og elevar såg ut til å vera fornøgde med økta.
 

Tekst og foto: Ann Karin Ystevik

 

 

Flotte puter i 4.klasse
Publisert: Tysdag 23.mars 2010 kl 14:30

Elevane i 4. klasse har teikna mønster og sydd puter. Heile gjengen er blitt ekspertar på korssting. Her er nokre bilete der dei stolt viser fram det flotte resultatet.
Fleire bilete

Tekst og foto: Brita Flatøy


Brevvenner i England

 Fredag 19.februar 2010 kl 11:30 

 

I samband med Comeniusprosjektet som Sagvåg skule er med i, har 4.klasse vore så heldige at dei har fått brevvenner i Birmingham i England. Denne veka har me fått nytt brev frå Forestdale Primary School. Brevet, eller pakken, frå England var stort og inni fann me både brev som elevane hadde skrive på norsk, bilete av elevane og glimt frå ein vanleg skuledag.

Visste de at Birmingham er kjend for sjokoladefabrikken sin? Fint for oss. Me fekk mange sjokoladar som me koste oss med siste dagen før vinterferien.

Her er nokre bilete av breva me fekk frå England. Andre bilete viser 4.klassingane som skriv brev på engelsk og et sjokolade.

Det vart mange spørsmål om kva ting heiter og korleis me skriv på engelsk.

No er breva klare og skal sendast til England.

 

Tekst og foto: Brita Flatøy


 

4.klasse
Torsdag 11.februar 2010 kl 11:40

I dag var snøen kjempegod til å laga snømenn av. 4.klasse laga nokre flotte figurar utafor personalrommet slik at dei vaksne skulle ha noko fint å sjå på.

Tekst: Brita Flatøy Foto: Laila Magnussen 

 

 

Verdsrommet
Torsdag 11.februar 2010 kl
18:00

4.klasse har arbeidd med verdsrommet. Me har laga modell av solsystemet. Mange kan namna på planetane og kvar dei ligg i forhold til sola. Elevane var flinke å samarbeida.

Tekst og foto: Annbjørg Luggenes

 



 

 

Gymnastikk ute onsdag 3.januar
Publisert: Tysdag 2.februar 2010 kl 17:30

Ingen problem med bordtenniskurs for 7.klasse i gymnastikksalen når det så flott å vera ute. 4.klassingane koste seg ute med aking, flaskeløp og byggjing i snøen.

Foto: Laila Magnussen / Brita Flatøy Tekst: Brita Flatøy

 <

 
 

 

Akedag på Sætre.
Publisert: Onsdag 20.januar 2010 kl 14:30

I dag har 3.og 4.klasse hatt ein kjekk utedag. Elevane suste avgarde ned bakken på akebrett, kjelkar og bossekker. Alle elevane fekk pølse i brød og mange sat lenge og koste seg med kakaoen eller mjølka og nista.

Me er svært glade for at me får lov til å vera i denne flotte bakken.

Tekst: Brita Flatøy Foto: Fleire fotografar

 

Skeisedag på Storavatnet!

I dag var heile småskulen på tur til Storavatnet. Nokon gjekk på skeiser medan andre gjekk på ski. Sola skinte og både ungar og vaksne storkoste seg. Fleire bilete>>

Tekst & Foto: Ann Karin Ystevik


Julegraut i skogen
Publisert: Torsdag 10.desember kl 22:30

3 og 4 klasse har vore  ute og leika i saman og ete graut. Me hadde ei kjekke stund i det milde vinterveret, og grauten var veldig god !

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

 

Til Raugaløo
Publisert: Torsdag 5.november kl 17:00

Heile småskulen var i dag på tur i lag. Me gjekk ikkje så langt, berre til parkeringsplassen ved Raugaløo, men me hadde det kjekt likevel. Alle hadde med ved, så me hadde bål og steikte pinnabrød. Ellers leika me 30-leiken, og fann på mykje anna kjekt. Litt kaldt var det, men det gjorde ingenting.

Tekst & foto : Egil Petterteig



Leikestund i 4.klasse
Publisert: Fredag 30.oktober kl 10:00

Det er ikkje så ofte 4.klasse får lov til å leika med alle dei kjekke inneleikene våre lenger. Etter at me hadde vore på biblioteket i dag, fekk elevane velja sjølv kva dei ville leika med. Det var kjekt å sjå kor ivrige dei var og korleis dei koste seg. Særleg var det populært å byggja tårn med dei store treklossane.

Foto: Laila Tekst: Brita

 

 


Kongen og Harlekin
Publisert: Tysdag 20.oktober kl 10:15

Småskulen har hatt ei kjempeflott konsert/teateroppleving i dag. Det var Ingrid Eriksen Hagen på Cembalo, og  Tore Kloster og Olav Veierød på song. Det var veldig kjekt å sjå på når Harlekin prøvde å få tak i gullfløyta til kongen. Musikarane var veldig flinke å få elevane med seg, og dei var veldig glade for at me hadde øvd så godt på den songen me skulle synga i lag.  Fleire bilete>>

Tekst & foto: Egil Petterteig


Grønnsaksuppe på bål.
Publisert: Torsdag 15.oktober kl 17:30

I dag har fjerde klasse skrella og kutta grønnsaker til suppe. Me var ute og kokte suppa på grua vår. Mens suppa koka , hadde me ein kjekk og lærerik leik. Elevane fekk både trimma seg og sjekka kunnskapane sine. Suppa var knallgod.  

Foto: Ann Tove og Laila Tekst: Brita



Haustsamling i Amfiet for 1.-4.klasse
Publisert: Torsdag 1.oktober kl 12:55

I dag har elevane på småskulen hatt framføring av songar, dans og dikt som dei har øvd på dei siste vekene. Det var ei kjekk samling. Elevane viste seg frå si beste side både når dei sjølv opptredde og ikkje minst var dei eit fantastisk publikum. Fleire bilete>>

 

Tekst: Brita Flatøy Foto: Egil Petterteig & Kari Almås

 


4. klasse på SIM
Publisert: Tysdag 29.september kl 17:30

I dag var klassen på SIM. Olaf Skram møtte oss der. Med godt humør og gode replikkar gjorde han omvisninga kjekk og lærerik for alle. Me fekk sjå kor dei samla forskjellig avfall og fekk vita kva som vart gjort med det etter at det  var kome til SIM. Til slutt kjørte me med bussen gjennom det store bossanlegget.

Tekst & foto: Annbjørg Luggenes



4. klasse til fjells
 Publisert: Torsdag 17.september kl 15:30

I dag var det 4. klasse som tok turen til Utslettefjellet. Fint ver, flott utsikt, men det me hugsar best, er at ei jente, som går i speidaren, lærte oss å laga koppar av papir. Tenk, vatnet rann ikkje gjennom papiret. Dei fleste ville laga kopp som dei drakk av. Sidan Laila hadde fødselsdag, hadde ho med ei overrasking til oss alle.

Tekst og foto: Annbjørg Luggenes

 

 

 


Opplevingsdag i Moster Amfi
Publisert: Torsdag 9.september kl 15:30

Torsdag var 4.klasse så heldige at me fekk reisa til Moster og vera med på ein opplevingsdag i amfiet.

Arrangementet heitte  'Med vind i segla og stein i lomma'.

Først gjekk me til eit naust og høyrde om daglegliv i Sunnhordland for hundre år sidan. Så var det tur gjennom tunnelen i amfiet. Der såg me på ulike steinsortar og laga oss steinøks. Tredje post på programmet var ein tur gjennom det kyrkjehistoriske senteret på Moster. Etterpå var me på ein stasjon som heitte : Teaterleik og improvisasjonsøvingar, før programmet  vart avslutta med ei fellessamling i amfisalen for dei hundre elevane som var på Moster denne dagen. Fellessamlinga heitte 'Tor med hammaren.'

Ein interessant og lærerik dag saman med flinke arrangørar og svært kjekke elevar.

Tekst & foto: Brita Flatøy


Naturfag i 4.klasse 
Publisert: Onsdag 26.august kl 14:50

Sist veke var me ute og såg på bær, tre og frukt. Denne veka jobbar me inne og studerer frø og frukt. Her ser de nokre bilete frå naturfagstimen.

Tekst og foto: Brita Flatøy

Sommarvarme
Publisert: Torsdag  20.august kl 16:10

I sommarvarmen torsdag var 4.klasse ute og leita etter ulike tresortar og frø. Elevane fann og mange bær. Bjørnebær og blåbær var dei bærsortane det var mest av der me var. Her er nokre bilete som viser elevane i aktivitet.

Tekst og foto: Brita Flatøy