.
klasse (sag16) 

SFO  |   1.klasse(sag17)  |     2.klasse(sag16)   |     3.klasse (sag15)    |     4.klasse(sag14)     |     5.klasse(sag13)     |     6.klasse(sag12)    |   7.klasse(sag11) Tilbakeblikk 

 
v Biletarkiv   Klassen din år for år Foreldrenettverk
2017/18
Referat frå foreldremøte hausten 2017
 
 



På tur til Utslettefjellet
Fredag 25.mai 2018

2. og 7. klasse har vore tur til Utslettefjellet i dag


 
Sjå også bilete på Facebook>>

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje
og Lene T Almås


Matematikken sin dag 1 - 4 klasse

Torsdag 24.mai 2018

 
Me gjekk opp til Solidbanen i stålande ver:)
Der var det 12 ulike postar som elevane gruppevis  skulle gjennomgå.
Dei eldste på gruppa hadde ansvar for å vera gruppeleiarar, noko dei var flinke til.
Dei skulle mellom anna finna ut kor mange elevar det er på småskulen til saman, måla bommen som går over vegen der oppe, byggja eit tårn av stein og så måla kor høgt det var, tippa makaroni i glas, 
kasta på ringspel og telja poenga, trilla terningar til 100, klyppa eit ark slik at  det vert så langt som mogleg, tippa vekt på stein.Engasjementet var stor og alle sprang frå post til post for å løysa oppgåvene.
Etter mat var det god tid til leik på Solidbanen.
Ein flotte gjeng med elevar som har kosa seg i finveret:)
Tekst: Gro A Halvorsen Foto: Lene T Almås



Vårsamling på småskulen

Onsdag 9.mai 2018

Samlinga starta med at musikkstudentar leiia 2. klasse med framføring av "Splitter Pine". Deretter vart det flotte innslag frå alle klassane i småskulen, og felles song. 
Etterpå gjekk me ut i vårsola og åt nista vår. 
.
..


Tekst & foto: Lene T Almås



Lesemeister
Torsdag 26.april 2018
 
2. - 4. klasse ved Sagvåg skule har meldt seg på nasjonalt, digitalt lesedøgn. Dette er ein del av  av Samlaget si  markering av 150-års jubileet, der ein feirar  den nynorske litteraturen.  Elevane har her tilgang til over 100 nynorske barnebøker som er fordelte på ulike lesenivå.  Elevane har fått mange gode  leseopplevingar og me håpar at dette kan vera med på å fremja vidare  leseglede.

 
       
Tekst & foto: Gro A Halvorsen



Vekesamling
Fredag 20.mars 2018

Flinke elevar frå 2.klasse hadde ansvaret for kulturinnslaget på vekesamlinga i dag. Etter to dveker med fokus på rydding ute, skal me no ta uteområdet i bruk den neste veka med oppdraget "Kjekke uteaktiviteter og uteskule!"

Tekst & foto: Lars Bakka


Substantivjakt
Tysdag 17.april 2018
 

I dag har 2. Klasse vore ute og leita etter substantiv. Me sorterte det me fann etter om me kunne sette ein, ei eller eit framføre. Litt leik i skogen fekk me og tid til



Tekst & foto: Lene T Almås



Gutta boys på gitar’n
Fredag 9.mats 2018
2. klasse gutane var veldig flinke til å lage ulike musikalske uttrykk på gitar.

Tekst & foto: Åshild Giving



Nye gitaristar
Fredag 2.mars 2018
2. klassejentene har nå hatt improvisasjon og øvingskonsert på gitar og keyboard. Dei har også lært seg «Lisa gikk til skolen og Ole har en liten bil» på keyboard. Etter 20 minutt var dei klar for konsert, så kanskje dei dukkar opp på ein vekesamling.

Tekst & foto: Åshild Giving



.
Lesestasjonar 2. - 4. klasse
Tysdag 6.februar 2018
 
På tysdag var det dag to med lesestasjonar. 2. - 4. klasse har vore delt inn i grupper og vore på 6 ulike grupper desse to dagane. Stasjonane var: å lesa og laga forside til ei bok, Løko, Lesemeister, bibliotek, spela  begreps-spel og å finna postar ute i skogen. Det var lærerikt, nyttig og kjekt å jobba i slike grupper. Mange arbeidsame , blide og kjekke ungar som fekk god trening i å samarbeida og  jobba i saman.


Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen



Lesemeister i 2. og 3.klasse
Tysdag 30.januar 2018

I dag har 2,3 og 4 klasse starta med leseveker. Her er frå stasjonen «Lesemeister». Dette er ein kjekk nettside med lydbøker. Dei har også tilgong til dei heime. Elevane koste seg med å lytta til boka si.
 
Tekst & foto: Turid Gjellestad



Då 2. klasse skulle lære å fly til Afrika!
Fredag 19.januar 2018
Det var ein gong ein 2. klasse som trudde at dei kunne få til ALT. Dei starta med å ha musikktimane ute kvar fredag og dei visste betre enn dei vaksne. Det var aldri dårleg ver på Sagvåg skule. Ein dag ville dei lære å fly og då skulle dei ta ein flytur til Afrika. Men læraren sa at først så måtte dei øve. 1. målet var å fly over læraren. Det gjekk ikkje og læraren rulla rundt som ein snøball. 2. forsøket så flaug dei over læraren. Viss du ikkje ser 2. klasse neste veke, så har dei klart å fly til Afrika.


Tekst & foto: Åshild Giving



Vekesamling
Fredag 19.januar 2018

Etter fint kulturinnslag frå 2.klasse og hemmeleg artist,  vart det gjennomgang av veka som gjekk og fokus på nytt vekeopdrag. Etter to veker med fokus på sunn matpakke set me no fokus på rett kjeldesortering på Sagvåg skule. Me har rest, papir og bio.

Tekst & foto: Lars Bakka
 
 

2. og 7.klasse...
Torsdag 14.desember 2017

I dag var det 2. og 7. klasse som koste  seg med graut. Det var fyr i bålpanna. Det var bra, for det var ikkje altfor varmt ute. Grauten smakte godt, og humøret var på topp.
 
Tekst &  foto: Anne Eliosabeth Trevland

Julelenke
Onsdag 13.desember 2017

Med 31,5 meter så har utan tvil 2.klasse skuleråkord i lang julelenke!!

 
Tekst &  foto: Lars Bakka

Den første adventsamlinga
Fredag 1.desember 2017


Så var det tid for desember og advent. I dag var det elevane i 2. og 7.klasse som hadde ansvaret for adventsamlinga ved Sagvåg skule. Fint at så mange foreldre hadde tid til å starta dagen med oss. Fredag 8.desember er det 3.-4. og 5.klasse som står på scenen, og 15. desember er det 1. og 6.klasse.



Tekst: Lars Bakka Foto Gro A Halvorsen & Lars Bakka


Les for meg!
Tysdag 28.november 2017

7. og 2. klasse har vore saman heile føremiddagen idag. Me har hatt stasjonar.  Ein stasjon var sjakk og ein var å laga snøkrystallar. På tredje stasjonen hadde 7. klasse  funne bøker som dei las til 2, og på den siste stasjonen var det filma. Resultatet  vert ei overrasking til samlinga på fredag. 


Tekst & foto: Anne Elieabeth Trevland

Sjakk er gøy!

Onsdag 22.november 2017

I dag har 2. klasse gjort ein stor jobb. Dei har sortert og rydda i sjakkbrikkene våre. No er det eit sett med brikker i kvar pose og ingen brikker manglar. Etterpå spela me sjølvsagt sjakk og det er mange gode sjakkspelarar i denne klasser.



Tekst_ Lene Tislavoll Almås Foro: Lars Bakka
 

Fokus på veving....

Onsdag 8.november 2017

2.klasse har veva i dag. Vekeoppdraget var i fokus og alle brukte innestemme;-)


Tekst & foto: Lene Tislevoll Almås

Uteskule med 1. og 2. klasse

Torsag 2.november 2017

I dag har me hatt ein spanande tur som starta i skogen bak ballbingen. Me gjekk så langt at me såg sjøen på Vikanes, me lurer på om dette er noko som vart kalla "Tresvegen" frå gamalt av? Me fann ein kjekk plass me kunne leike å kose oss. 



Tekst: Lene Tislevoll Almås  Foto: Ingrid Kvernenes Misje & Kari Myhre
 

Oppstart etter haustferien
Måndag 16.oktober 2017

Flinke 2.klassinger som starta opp måndag morgon med symjeoplæring. Deretter kom 4. og 6. klasse opp til Nysæterbassenget. Neste måndag er det andre halvdel av 2. klasse og 3. og 5. klasse som har symjeopplæring. Her er planen for resten av hausten>>

Tekst & foto: Lars Bakka
 

Symjeopplæring for første gong

Måndag 28.august 2017

I dag hadde den andre gruppa av 2.klassingar den første symjetimen. Det er alltid ekstra spanande å ha symjing for alle første gong....men det gjekk fint.
Også 4. og 6.klasse hadde symjing i dag, så no er alle klassane i gong med ny sesong.

Tekst: Lars Bakka Foto:Elisabeth Magnussen
 

Musikk i naturen

Fredag 17.august 2017
2. klasse var fantastisk flinke til å delta i musikktimen ute i det nye amfiet.  Der hadde dei improvisasjon med boomwhackers og rytmeinstrument. Dei kjem til å  ha musikktimane ute denne hausten.

 

Tekst & foto: Åshild Giving ( og Lars Bakka)