2.klasse (sag08)  2 0 0 9/10  

     Tilbakeblikk

SFO  |   1.klasse(sag09)  |     2.klasse(sag08)   |     3.klasse (sag07)    |     4.klasse(sag06)     |     5.klasse(sag05)     |     6.klasse(sag04)    |   7.klasse(sag03) Tilbakeblikk 

 

Kontaktlærar>>

           
Matematikk       Norsk        
 
Ut i 'våren'.
Publisert:  Fredag 11.februar 2011 kl 19.50

På onsdag var 1. og 2. klasse ute etter pause. Me gjekk ein trimtur til flyplasskrysset, og såg på veginformasjonskartet der. Alle fekk sjå kor på kartet dei budde. Etterpå gjekk me tilbake, og hadde ulike aktivitetar på skuleplassen, ma. fotball. Kjekt å koma i gang i ballbingen no når våren nærmar seg.
 

Tekst & foto: Egil Petterteig

 

 

Faddertur til Utslettefjellet
Publisert: Fredag 4.juni 2010 kl 14:30

Fredag 04.06. hadde 2. og 7. klasse tur til Utslettefjellet. Det vart ein flott tur! Kjekke elevar, fin sol, fantastisk utsikt og ikkje vind!

Takk for turen frå Signhild, Jorunn, Ann Karin og Aasne

Tekst : Aasne H Vikanes Foto: Aasne H. Vikanes og Ann Karin Ystevik


         
 

Naturfag i 2.klasse
Publisert: Fredag 23.april 2010kl 11:00

I 2.klasse har med hatt om tema luft i naturfag. Torsdag fekk elevane laga helikopter og papirfly, og etterpå gjekk me ut og prøvde dei.

Det var ein kjekk time og elevane var veldig engasjerte!

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik

 
 

Kveldsmat
Publisert: Fredag 26.mars 2010 kl 12:30

Torsdag 25. mars hadde  2. Klasse ei kveldssamling for elevar og familiar. Alle hadde med mat, og det vart dekka til koldtbord. Elevane song dei songane me hadde øvd på før påske. Ei koseleg stund.
 

Tekst og foto: Kari Almås

 


 
 

Sosial samling
Publisert: Torsdag 25.mars 2010 kl 14:30

Torsdag 25. mars var det sosial samling for klassane på småskulesteget. Songane alle song handla om vår.
Alle klassane deltok med song, dikt og dans.

Fleire bilete

Tekst og foto: Kari Almås

 

”Can you pass me the bread, please?”
Publisert: Torsdag 25.mars 2010 kl 13:20

Det var gøy å eta på engelsk, syntest 3. klassedå me hadde starta måndagen med English breakfast.

Elevane øvde seg på engelske mat - uttrykk, og kva er  vel ein betre måte å gjera det på enn nettopp rundt matbordet?

Etter ein fin start på dagen, arbeidde 3. klasse med arbeidsprogram. Då var det alt frå matematikk, atlas og kart, til leik og klossar som stod på programmet. Alt i alt: ein kjekk dag.
 

Tekst og foto: Anders Haga

 


 

Påskeverkstad
Publisert: Onsdag 24.mars 2010 kl 15:30

I dag hadde heile småskulen påskeverkstad dei to fyrste timane. Det var studentane som stod for organiseringa og  aktivitetane denne gongen. Elevane laga påskekyllingar med fjør og ulike påskekort. Både studentar og elevar såg ut til å vera fornøgde med økta.
 

Tekst og foto: Ann Karin Ystevik

 

Påskegudsteneste
Publisert: Tysdag 23.mars 2010 kl 12:40

Tysdag var 2. Klasse på påskegudsteneste i Nysæter kyrkja. Det var berre oss og Litlabø skule sin 2. klasse, så alle fekk oppgåver dei måtte gjera. Elevane gjekk i prosesjon, tente  lys og bar fram ting.
Fleire bilete

Tekst og foto: Kari Almås

 

 

"Eg er ein glad og vill ballong!"
 
Publisert: Tordag 28.januar 2010 kl 14:00

I 2.klasse har me lenge øvd på ein song om ballongar. I dag fekk elevane prøva å syngja og dansa med ekte ballongar. Det var jammen kjekt!

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik

 



 

Skeisedag på Storavatnet!

I dag var heile småskulen på tur til Storavatnet. Nokon gjekk på skeiser medan andre gjekk på ski. Sola skinte og både ungar og vaksne storkoste seg. Fleire bilete>>

Tekst & Foto: Ann Karin Ystevik

 

Kjekk siste time
Publisert: Fredag 8.januar 2010 kl 13.40

Siste timen i dag hadde elevane i 1. og 2.klasse leikeval. Sjølv om det var kaldt, var det fleire elevar som ville vera ute. Nokon akte medan andre leika i snøen. Alle såg ut til å ha det kjekt!

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik

 

 

Graut på ein fredag
Publisert: Fredag 11.desember kl 13:30

I dag inviterte 2.klasse fadrane på graut og saft. I grauten gøymde det seg og tre mandlar, som kanskje gjorde grauten ekstra god. Dei tre heldige fekk ein sjokoladenisse kvar.

Etter måltidet leika alle saman, ute eller inne.

 Me hadde det veldig koselig og takkar for besøket.

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik

 

Tur til Singapore
Publisert: Torsdag 10.desember kl 22:30

Tidlegare i haust hadde Jacob fri frå skulen for å vera med familien til Singapor og Malaisia.  
Torsdag 10. desember var Theresa og Bjarte Fjellanger i 2. klasse og viste bilete og fortalde frå turen.
Me fekk sjå at Jacob hadde møtte mange slektningar som han vart kjend med. Han og resten av familien hadde sett utruleg mykje, og dei hadde reist ein del rundt. Me var heldige som fekk dele, og høyre om desse opplevingane.
Så hadde dei laga ein indisk kyllingrett som me fekk smake. Mange syntes det var veldig godt. Andre var meir forsiktige med å smake noko heilt nytt.

Tusen takk for besøket!

Tekst og foto: Kari Almås



 

Stemningsfull advent-samling
Publisert: Fredag 4.desember kl 09:45

Klokka halv ni møtte alle elevane til adventsamling i amfiet. I dag var det elevane i 2. og 7.klasse som hadde ansvaret for samlinga og det vart ein fin samling med mange flinke elevar på scenen. Du finn fleire bilete her>>

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Jul på museet
Publisert: Torsdag 3.desember kl 22:00

Torsdag 3. Desember var 2. Klasse på museet. Der var temaet ”Jul i gamle dagar”  Elevane var med på alt arbeidet som måtte gjerast på eit småbruk før jul. Dei baka flatbrød, vaska klede, bar vatn og hogg ved. Golva måtte skurast og juletorsken måtte fiskast.  Julegåvene vart strikka og lysa laga. Så måtte me i fjøset og sjå etter dyra. Der møtte me den gamle gardsnissen. Han var litt redd oss.

Takk til foreldra som køyrde oss til Leirvik.

Tekst og foto: Kari Almås


 
 

Til Raugaløo
Publisert: Torsdag 5.november kl 17:00

Heile småskulen var i dag på tur i lag. Me gjekk ikkje så langt, berre til parkeringsplassen ved Raugaløo, men me hadde det kjekt likevel. Alle hadde med ved, så me hadde bål og steikte pinnabrød. Ellers leika me 30-leiken, og fann på mykje anna kjekt. Litt kaldt var det, men det gjorde ingenting.

Tekst & foto : Egil Petterteig


Open skule 12.november
Publisert: Fredag 30.oktober kl 10:00

2. klasse er i ivrig arbeid for å lage ting som dei skal selje på open dag den 12. november.

Tekst & foto: Kari Almås



 


Leikeapparat -premiere!
Publisert: Onsdag 21.oktober kl 11:15

I dag var fyrste dagen elevane fekk lov til å ta i bruk nokre av dei nye leikeapparata.2.klasse var fyrst ute i dag, og entusiasmen var stor! Det var tydeleg at dette var etterlengta, og alle stod fint og venta på tur. Både rutsjebanen og "fuglareiret" falt i smak. Her er også ein liten film>>

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik


Kongen og Harlekin
Publisert: Tysdag 20.oktober kl 10:15

Småskulen har hatt ei kjempeflott konsert/teateroppleving i dag. Det var Ingrid Eriksen Hagen på Cembalo, og  Tore Kloster og Olav Veierød på song. Det var veldig kjekt å sjå på når Harlekin prøvde å få tak i gullfløyta til kongen. Musikarane var veldig flinke å få elevane med seg, og dei var veldig glade for at me hadde øvd så godt på den songen me skulle synga i lag.  Fleire bilete>>

Tekst & foto: Egil Petterteig

Uteleik i finaveret
Publisert: Onsdag 14.oktober kl 18:30
 
I dag var 1. og 2. klasse ute siste del av dagen. Me gjekk ned i skogen ved handballbanen og brende bål, smidde, leika 'Jul i Blåfjell', laga bruer og demningar. Me hadde ei kjekk stund i haustsola :-)

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg


 
Strikkmotor
Publisert: Fredag 2.oktober kl 15:30

I dag har 2. klasse vore på formingssalen og laga båtar med strikkmotor. Båtane vart pussa og dei fekk rekkverk, før motoren vart sett på. Prøvekøyringa var spennande. Med to strikk gjekk båten ekstra fort. Me hadde god hjelp av studentane som har vore  med oss i tre veker no

Tekst og foto: Kari Almås 

 

Haustsamling i Amfiet for 1.-4.klasse
Publisert: Torsdag 1.oktober kl 12:55

I dag har elevane på småskulen hatt framføring av songar, dans og dikt som dei har øvd på dei siste vekene. Det var ei kjekk samling. Elevane viste seg frå si beste side både når dei sjølv opptredde og ikkje minst var dei eit fantastisk publikum. Fleire bilete>>

 

Tekst: Brita Flatøy Foto: Egil Petterteig & Kari Almås

 

På tur
 Publisert: Tysdag 15.september kl 18:40 2.klasse og 7.klasse var på tur til utslettefjellet. Me grilla pølser og koste oss. Det var ein fin tur sjølv om me fekk litt duskregn på oss.

Tekst og foto: Ann Karin Ystevik

 Leike-stund


 Publisert: Måndag 14.september kl 15:50

Kvar fredag sluttar 1. og 2. klasse av veka med ei leikestund. Då har elevane fleire ting å velja mellom både inne og ute.  Desse bileta er frå sist fredag då mange leika inne.

Tekst og foto: Kari Almås

 

2. og 7.klasse 
Publisert: Måndag 24.august kl 13:30

I dag har elevane i 2. klasse fått vore saman med fadrane sine. Dei har spelt spel og leika saman. Fleire bilete på sidene til 2.klasse>> og 7.klasse>>

Tekst og foto: Kari Almås

1.klasse på Fronter


Publisert: Fredag  21.august kl 10:30

Det var kjekt å få låna bøker. No er me i 2. klasse og likar å lesa. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Kari Almås