1
.klasse (sag14)  2 0 1 4/1 5  

SFO  |   1.klasse(sag14)  |     2.klasse(sag13)   |     3.klasse (sag12)    |     4.klasse(sag11)     |     5.klasse(sag10)     |     6.klasse(sag09)    |   7.klasse(sag08) Tilbakeblikk 

  Norsk      Matematikk      Samfunnsfag    Engelsk                            Tilbakeblikk

Informasjon om foreldrenettverk i 1. og 6.klasse    Referet frå foreldremøte hausten 2014
 
 

Aktivitetsdag på Solidbanen

Onsdag 22.april 2015
 
I dag har småskulen vore i full aktivitet på Solidbanen. Måling, konstruksjon, addisjon, vekt, "grublisar", teiknspråk og songkunnskap var noko av det elevane møtte på dei ulike postane. I aldersblanda grupper var elevane engasjerte, flinke og aktive! Stor stas var det også at elevane fekk grilla pølser til lunsj. Det vart ein fin dag for små og store i vårsola :-)
Tekst & foto: Anne Brit Holm

Aktivitetsstund med fadrane!
Tyddag 21.april 2015
1. klasse synes det alltid kjekt å  få tid saman med fadrane sine. I dag sette me av 2. økt til litt faddersamvær:-)

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro
 

Påsketema i 1. klasse
Tysdag 24.mars 2015
 
Denne veka har me besøk av to studentar i 1. klasse, og både tysdag og onsdag skal dei ha påskestasjonar med varierte aktivitetar for elevane. Det er kjekt:-) 

Tekst & foto: Hildegunn Heimro
 

VÅR!

Fredag 13.mars 2015

Lærarane i 1.klasse knipsa desse vårlege bileta då dei kom tilbake frå "Påskevandring" i kyrkja.
Tekst: Lars Bakka  Foto: Ann Kristin Brakedal, Hildegunn S Heimro
 

Påskevandring
Fredag 13.mars 2015

Fredag var 1.klasse på påskevandring i kyrkja. Det vart ei fin vandring gjennom påskeevangeliet. Det starta med inntoget i Jerusalem på palmesøndag, fotvaskinga og nattverdsmåltidet på skjærtorsdag, korsfestinga på langfredag og oppstoda 1. påskedag. Elevane fekk vera med og delta i forteljinga og dei hadde øvd godt på songane, slik at songen "ljoma" i kyrkja!


Tekst & foto: Hildegunn Heimro & Ann Kristin Brakedal

Rektormøte på Sagvåg skule

Onsdag 18.februar 2015
I dag fekk alle rektorane i Stord vera med på med på ei lita morgonsamling i 1.klasse. Rektorane var på Sagvåg skule heile dagen då det månadene rektormøte var hos oss i dag.

Foto: Liljan Vestbøstad Waage Tekst: Lars Bakka
 

Karneval i 1.-4.klasse
Fredag 13.februar 2015
Etter praksis i to år ved Sagvåg skule avslutta studentane frå HSH med stil! I dag arrangerte dei stort karneval for alle elevane i 1.-4.klasse. Du finn bilete og filmar frå karnevalet og her:
  Glimt frå 1.klasse:

Tekst: Lars Bakka Foto: Thea-Kristin Angeltveit m.f.

Teater i 1.klasse

Torsdag 12.februar
2015
I dag var det "teater" i 1. Klasse. Då elevane kom inn frå friminutt fekk dei eit stempel som teaterbillett. Me fekk besøk av ein som var ekspert på bjørn og fekk til og med sjå eit sokke/dokketeater. Etter teateret fekk elevane i oppdrag å laga eit stillbilde. Der fekk dei visa fram ulike utsnitt frå forteljinga om korleis bjørnen fekk stumphale. Elevane viste fram dei ulike stillbilda for resten av klassen. Til slutt fekk me bjørnen på besøk. Me fekk intervjua bjørnen og vart betre kjend med han. Dette har vore ein kjempe kjekk og spennande dag i 1. klasse :)  


Tekst & foto: Maria Santiago
 

1.klasse på tur i skogen
Onsdag 4.februar 2015

I dag har første klasse vore på tur nede i skogen. Me grilla pinnebrød, leika i skogen og kosa oss.

Tekst & foto: Lisa Mari Aksdal Kråkenes


Leik med eigne leiker!
Fredag 23.januar 2015
Som ein del av vekeoppdraget denne veka, fekk 1.klasse lov å ta med seg ei leike på skulen. Det var stas å få prøva og sjå kvarandre sine ting, og me hadde ei fin leikestund saman:-) 


Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

Vekeoppdrag i 1.klasse

Torsdag 15.januar 2015
 
I fyrste klasse har me snakka om korleis me alle kan bidra til eit godt klassemiljø. Vekeoppdraget var å gjera noko kjekt ilag. Elevane har mange gode forslag:
- å gi ein ting til nokon
- spela spel i saman
- baka ilag
- gjera gode ting mot andre
- Hjelpa kvarandre.
 
Denne veka har me hatt ei god stund med spel. Det var kjekt.


Tekst & foto: Ann Kristin Brakedal

Har me nådd måla våre?

Måndag 12.januar 2015

Gjennom veka har me førebudd elevane på at på fredag skulle dei få sin første målprøve. På målprøven skulle dei løysa nokre oppgåver frå det me har halde på med i veka og dei måtte jobba kvar for seg og berre spør dei vaksne om det var noko dei lurte på. Dei var både klar og litt spent og viste at dette meistra dei heilt fint!  No vert det nye målprøvar kvar veke frametter med oppgåver frå tema me har hatt i veka:-)

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

Bilete i desember 2014 frå 1.klasse

Desember har vore ein fin månad med mykje kjekt i klassen. Her er nokre bilete frå adventssamlingar i klassen, baking, pynting og øving til adventssamling i amfiet.
Koselege stunder:-)

Tekst & bilete: Hildegunn S Heimro

 

Julegudsteneste

Tysdag 16.desember 2014
I dag var me på julegudsteneste saman med Litlabø skule. Som vanleg gjorde dei tilsette i kyrkja, med prest Arnt Johan i spissen, det til ei fin stund. Elevar både frå Litlabø og Sagvåg skule bidrog med flotte musikkinnslag, der me fekk høyra både song, fløyte, fiolin og kornett.



Tekst: Egil Petterteig  Foto: Elisabeth Magnussen
 

Lucia og adventsamling

Fredag 12.desember 2014
Fredag morgon var det tid for den tredje adventsamlinga. 1.klasse hadde stemningsfullt Liciaopptog i samlinga og i alle klassane. Elles var det elevane i 6.klasse som gav oss ei fin adventstund. Takk til alle foreldre som tok seg tid til ein kopp kaffe og peparkaker ved Sagvåg skule denne morgonen i deseber.



Tekst: Lars Bakka Foto: Oliver Eldøy & Lars Bakka
 

Songstund med 1. og 6.klasse
Tysdag 9.desember 2014

Det oppstår god tone bokstavleg talt, når 1. klasse treff fadrane sine til songstund. Vil du høyra fleire gode tonar kan du koma på adventssamlinga på fredag, eller på julegudsteneste i kyrkja 16. desember kl. 09.30:-)



Tekst: Hildegunn S Heimro Foto: Elisabeth Magnussen
 
Gjøglarane
Fredag 21.november 2014
1., 2. og 3. klasse var fredag på tur til HSH for å sjå teater. 
Det var studentane me kjente frå før som hadde laga oppsetnad av stykket "Gjøglerne kjem". 
Stykket handla om glede - noko som passa ekstra godt sidan vekeoppdraga for tida handlar om det same :) 
Det var ei flott framsyning, og elevane storkosa seg. Stas å få eta nista på Høgskulen, før bussen tok oss attende til Sagvåg!  

Tekst: Hege Havn Mehammer Foto: Egil Petterteig

Godt samarbeid

Fredag 21.november 2014
Når alle jobbar saman vert det godt resultat. Her lagar alle dei 28 elevane i 1.klasse eit stort telt på 8 sekund!
Tekst & foto: Lars Bakka
 
Arbeidsgrupper i 1.klasse
Onsdag 19.november 2014

I matematikk er alle gruppene innom ulike aktiviteter. Aktivitetane er matematikkoppgåver på PC, oppgåver i matematikkboka og spel som sjakk, Villkatten og Uno. Kvar gruppe har ein leiar som alltid veit kva aktivitet gruppa skal gjera.

I norsk arbeider me med å finna ord som begynner på «n», og ord som har «n» inni seg. Mange har med ei leike som har bokstaven «n» i seg. Både nisse, nøklar, smykkeskrin, strykejern, hanske og mykje meir. Etterpå får alle eit tokolonnenotat, der elevane teiknar og skriv ord som begynner på «n» og som har «n» inni seg.

 
Tekst & foto: Ann kristin Brakedal
 

Leksehjelp i 1.klasse
Tysdag 11.november 2014
Her er det elevane i 1.klasse som er i godt arbeid med leksene.

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


Velkommen til 1.klasse!
Torsdag 6.november 2014
I kveld hadde me det første møtet med foreldra til borna som skal ta til i 1.klasse hausten 2015. Førebelse er det litt over 20 elevar i klassen.
Elevene treff me på førskuledagane 27. og 28.mai.

Tekst & foto: Lars Bakka
 
1.klasse song for oss
Fredag 17.oktober 2014

No har alle klassane teke ansvart for kulturinnslag på vekesamlingane våre. I dag var det 1.klasse sin tur. Veke oppdraget med "På rett stad til rett tid" hadde gått fint i alle kalssane. I neste veke er det "Blime-oppdrag". Alle skal vera med på flott dans ute på skuleplassen neste torsdag kl 10.(Eller inne om der regnar) Det gler me oss til! Hugsar du dansen frå i fjor?  iPad-versjon med film 8.november 2013>>

Tekst Lars Bakka Egil Petterteig
Frå "Else pelse" til eventyr!
Måndag 13.oktober 2014
 
 

Veka før haustferien handla vekerimet til 1. klasse om "Else pelse". Dette rimet førte til at ei pelsjakke kom på besøk og sidan me hadde om eventyrtrekk, enda det heile opp i tre flotte eventyr: Det var ein gong ei prinsesse...... Det var ein gong ein hund..... og Det var ein gong ein sau...... :-)

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro
 
1.klasses band
Fredag 3.oktober 2014

Kva fredag er ei ny gruppe med 1.klassingar på bandrommet i musikktimen. No vert det ein pause fordi 3.klasse skal ha musikkavdelinga til Write an Opera i tre veker, men etter det er me tilbake med nye førsteklasses band

 

Leikegrupper og stafett

Onsdag 1.oktober 2014
Heia heia!! Ingenting å klaga på innsatsen til gjengen i 1. klasse når dei har stafett for fyrste gong. Av og til kan faktisk viljen springa bittelitt fortare enn beina :-).
Etterpå roar me ned med leikegrupper, før skuledagen er slutt. Nok ein god dag.
Tekst: Ann Kristin Brakedal Foto: Ann Kristin Brakedal og Hildegunn S  Heimro
 
1. og 2.klasse på tur
Onsdag 24.september 2014

I dag har første og andre klasse vore på tur å leika og grilla pinnebrød på bål.
Det var sååå godt! :) 

Gode pinnebrød:
7 dl kveitemjøl
2,5 di vatn
1 ss smelta smør
1/2 dl sukker
litt bakepulver
litt salt
litt oregano 


Tekst: Hege Havn Mehammer  Foto: Jenny S Skjønberg
 

1. + 6. klasse = god musikk

Publisert fredag 19.september 2014
I dag inviterte fadrane 1. klasse til ei songstund. Det vart det god musikk av! Klassane song for kvarandre og saman. Dette ynskjer me å gjera fleire gonger i haust:-)


Tekst: Hildegunn S Heimro Foto: Elisabeth Magnussen
 

1.klasse musiserer
Fredag 19.september 2014

Dei neste vekene vil tre og tre av elevar i første klasse få nytta bandrommet. Dei første tre spelte i ein halv time i dag....og det vart mykje flott lyd :-)

Tekst & foto: Lars Bakka
 
Skulebiblioteket
Tysdag 16.september 2014


Me likar ei god lesestund på biblioteket og låner bøker til bokkassen som me har i klasserommet. Me gler oss til å lesa mange spennande bøker :-)

Tekst & foto: Ann Kristin Brakedal
 

1.klasse byggjer båt

Måndag 15.september 2014

I dag har elevane i 1.klasse bygd kvar sin båt på sløyden.


Tekst: Lars Bakka Foto: Ann Kristin Brakedal
 

Jublande glade
Fredag 29.august 2014

Elevane i 1.klasse var jublande glade for dei eilt nte refleksvestamne

Tekst & foto: Lars Bakka
 

Norsk i 1.klasse
Torsdag 28.august 2014

I 1.klassingane viser arbeidslyst! Her er nokre bilete frå norsktimen i dag. Me lærer bokstaven L og arbeider på stasjonar. På dei ulike stasjonane er det leseaktivitetar, data på Salaby og skriving på oppgåveark.


Tekst & foto: Ann Kristin Brakedal
 


Uteskule
Onsdag 20.august 2014

1.klasse har vore på tur i dag. Her finn de nokre bilete frå den første dagen med uteskule.


Foto: Ann Kristin Brakedal  Tekst: Lars Bakka
 
 
Første skuledag
Torsdag 14.august 2014

I dag tok me imot alle elevane til nytt skuleår i amfiet. Dette er ein spesiall dag for alle, men ektra spente var nok dei som i dag hadde den aller første skuledagen.
Fleire bilete frå dagen finn de her
    1.klasse:    

Skuleruta 2014/15 finn du her>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Beate Føyen & Lars Bakka
 


Studentar i arbeid!

Onsdag 28.mai 2014

I dag var det den andre førskuledage, og allereie i dag var elevane i full sving med studiane  
Ser de nærare på bileta så ser de at borna har hatt to varierte dagar. Me håpar at alle gler seg til skulestart i august!  Her er skuleruta>>

Den andre førskuledagen:  

Tekst: Lars Bakka Foto: Hildegunn S Heimro

Førskuledag
Tysdag 27.mai 2014

I dag kunne me ynskja velkommen til den første av to førskuledagar ved Sagvåg skule med flaget til topps og strålande sol. Mot slutten av dagen finn du alle bileta me tok på nettsida vår.


Tekst: Lars Bakka  Foto: Liljan Vestbøstad Waage & Lars Bakka