|
|
|
| 1.klasse (sag09) 2 0 0 9/10 | |
|
SFO | 1.klasse(sag09) | 2.klasse(sag08) | 3.klasse (sag07) | 4.klasse(sag06) | 5.klasse(sag05) | 6.klasse(sag04) | 7.klasse(sag03) | Tilbakeblikk |
|
|
Matematikk
Norsk![]() |
|
Det
blomstrarPublisert: Fredag 11.juni 2010 kl 14:10
1. klasse har vore ute og sett på alle blomane som blømer så fint no.
Elevane visste namna på mange av blomane, men me måtte sjå litt i floraen
òg. Me fekk sett etter treet vårt, som hadde fått fine grøne blad. Til
slutt vart det òg tid til litt leiking i skogen :-) Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg
|
|
![]() |
|
|
Fotballdag for småskulen Onsdag var det småskulen sin tur til til å ha fotballballdag saman med Litlabø og Tjødnalio skular.Det var litt kaldt denne dagen,men humøret var på topp. Innsatsen under kampane var det heller ikkje noko å seia på. Det såg ut som om alle hadde det kjekt. Elevane takka kvarandre for kampane og var like høflege og blide enten dei hadde vunne eller tapt kampen sin.
Foto: Lærarane på småskulen Tekst: Brita Flatøy
|
|
|
Mykje kjekt å gjera ute Torsdag var første klasse ute og prøvde noko av alt det kjekke me har fått å leika med ute. Etterpå var me i skogen for å finna noko av det som levde der. Me fann mange levande vesen, men dei fleste var litt for vanskelege å få has på for fotografering ;-) Tekst & foto: Egil Petterteig |
|
|
Matematikkdag
for småskulen Onsdag etter mat hadde elevane i 1. - 4. klasse matematikkaktivitetar utandørs. Dei var delt inn i aldersblanda grupper og var innom ulike stasjonar der dei fekk både rekna, telja, måla og vega. Alltid kjekt med kjekke aktivitetar på tvers av stega :-) Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg |
|
![]()
![]()
|
|
|
Kunstutstilling Første klasse var på biblioteket på
utstilling/forteljingsstund i dag. Det heitte "Den magiske kappa", og
handla om islamsk kunst. Bussen vår var litt tidlig på Leirvik, så me fekk
tid til ein tur for å sjå på dei store båtane og :-) Tekst og foto: Egil Petterteig |
|
![]() |
|
![]() |
|
|
1. klasse er med på ein sjøvett-konkurranse i regi av "Eliasklubben". Denne veka fekk elevane
illustrera Elias sine sjøvettreglar i lego og modelkitt. Me har teke
bilete av resultata slik at me kan senda dei inn
Tekst og foto: Jenny Sætre Skjønberg |
|
|
|
|
|
Onsdag gjekk me oss ein lengre tur i finavêret. Det har vore mykje aking og leik i skogen på turdagane våre i vinter, men no når snøen er borte vil me ut gå. Denne gongen gjekk turen til Nysæterstølen, der Malin Sofie og Iselin Therese fekk visa kor dei bur :-)
Tekst og foto: Jenny Sætre Skjønberg |
|
![]() |
|
|
|
|
Sosial samling Torsdag 25. mars var det sosial samling for klassane
på småskulesteget. Songane alle song handla om vår. Tekst og foto: Kari Almås
|
|
|
I dag hadde heile
småskulen påskeverkstad dei to fyrste timane. Det var studentane som stod
for organiseringa og aktivitetane denne gongen. Elevane laga
påskekyllingar med fjør og ulike påskekort. Både studentar og elevar såg
ut til å vera fornøgde med økta. Tekst og foto: Ann Karin Ystevik |
|
|
Påskevandring for
1.klasse I sist veke var 1.klasse på 'påskevandring' i Nysæterkyrkja. Tekst & foto: Elisabeth Magnussen
|
|
|
Publisert: Torsdag 4.mars 2010 kl 08:00 I dag
har første og andre klasse vore på tur saman. Me hadde ved med oss på ei
trillebår, så me hadde bål til å steika pinnebrød på. Ungane kosa seg i
den djupe snøen, og det vart laga mykje fint. Ein kjekk tur med kjekke
elevar :-) Tekst: Jenny Sætre Skjønberg Foto: Egil Petterteig |
|
|
Dyreparken i Sagvåg Fredag 19.februar 2010 kl 10:00
Tekst & foto: Jenny Skjønberg |
|
|
Treet vårt I dag var første klasse på tur i skogen for å sjå på treet vårt. Det såg kaldt ut å vera tre og stå heilt i ro i kulden. Godt at me kunne springa og leika for å halda varmen. Det var mykje kjekt å finna på sjølv om turen ikkje var så lang. Tekst & foto: Egil Petterteig |
|
|
Skeisedag på Storavatnet! I dag var heile småskulen på tur til Storavatnet. Nokon gjekk på skeiser medan andre gjekk på ski. Sola skinte og både ungar og vaksne storkoste seg. Fleire bilete>> Tekst & Foto: Ann Karin Ystevik |
|
![]() |
|
|
Siste timen i dag hadde elevane i 1. og 2.klasse leikeval. Sjølv om det var kaldt, var det fleire elevar som ville vera ute. Nokon akte medan andre leika i snøen. Alle såg ut til å ha det kjekt! Tekst & foto: Ann Karin Ystevik |
|
|
I dag har elevane i 1.klasse laga ein flott akebakke på skule vår. Tekst: Lars Bakka Foto: Jenny Sætre Skjønberg
|
|
![]() |
|
|
Publisert: Fredag 11.desember kl 10:30 I dag var det tradisjonell adventsamling igjen. For elevane i 1.klasse starta dagen med å gå Lucia til alle klassane. Fleire bilete>> Tekst og foto: Lars Bakka
|
|
|
Første klasse fann eit bål i adventskalenderen i dag, så me gjekk rett ut i skogen til bål og varm kakao. Kjekt med adventskalender med ei overrasking kvar dag, og meir kjekt er i vente framover mot juleferien....... Fleire bilete>> Tekst og foto: Egil Petterteig
|
|
![]() |
|
|
Til Raugaløo Heile småskulen var i dag på tur i lag. Me gjekk ikkje så langt, berre til parkeringsplassen ved Raugaløo, men me hadde det kjekt likevel. Alle hadde med ved, så me hadde bål og steikte pinnabrød. Ellers leika me 30-leiken, og fann på mykje anna kjekt. Litt kaldt var det, men det gjorde ingenting. Tekst & foto : Egil Petterteig |
|
![]() Treet vårt Publisert: Torsdag 22.oktober kl 13:40 I
dag har første klasse vore ute og sett på treet vårt. Det er ei lita fin
ask rett nede i vegen. Når me fann treet kunne me sjå på blada at det var
ei ask, men kvar var alle blada no? Me skal fylgja treet i nokre år, så me
håpar det veks godt.
Tekst & foto: Egil Petterteig |
|
![]() Kongen og Harlekin Publisert: Tysdag 20.oktober kl 10:15 Småskulen har hatt ei kjempeflott konsert/teateroppleving i dag. Det var Ingrid Eriksen Hagen på Cembalo, og Tore Kloster og Olav Veierød på song. Det var veldig kjekt å sjå på når Harlekin prøvde å få tak i gullfløyta til kongen. Musikarane var veldig flinke å få elevane med seg, og dei var veldig glade for at me hadde øvd så godt på den songen me skulle synga i lag. Fleire bilete>> Tekst & foto: Egil Petterteig |
|
![]() Haustsamling i Amfiet for 1.-4.klasse Publisert: Torsdag 1.oktober kl 12:55 I dag har elevane på småskulen hatt framføring av songar, dans og dikt som dei har øvd på dei siste vekene. Det var ei kjekk samling. Elevane viste seg frå si beste side både når dei sjølv opptredde og ikkje minst var dei eit fantastisk publikum. Fleire bilete>>
Tekst: Brita Flatøy Foto: Egil Petterteig & Kari Almås
|
|
|
Norsk, matematikk og naturfag I dag har me jobba med bokstaven A i norsk, geometriske former i matematikk, og vore ute for å finna raunebær som me har laga fine hjarte av. Me har hatt det kjekt med studentane, og jammen har me lært noko og :-) Fleire bilete>>, og her er ein liten film>> Tekst og foto: Egil Petterteig
|
|
![]() |
|
![]() Tur til Utslettefjellet Publisert: Onsdag 16.september kl 17:30 I dag var 1. og 6. klasse på tur til Utslettefjellet. Véret var skiftande, men vi hadde stort sett opphald. Elevane var nøgde med utsikten, og alle ville visa huset sitt. Etter ein litt våt matpause byrja turen nedover igjen. Det virka som om alle elevane kosa seg, og det var ingen alvorlige knall og fall:) Tekst og foto: Ole Johannes Stople |
|
![]()
|
|
![]() |
|
![]() |
|
![]() 1.klasse til 'Raugaløo' Publisert: Onsdag 26.august kl 14:50 Første klasse var på tur til "Raugaløo" i dag. Litt ormagras og ei steinrøys var nok til å underhalda oss ei god stund. Gode bjørnebær var det og, så turen var fin :-) Tekst & foto: Egil Petterteig |
|
![]() |
|
![]() 1.klasse på Fronter Publisert: Fredag 21.august kl 10:30 Før den første skuleveka var over er 1.klasse i full gang med tekstskaping på Fronter. I dag fekk elevane god hjelp av fadrane i 6.klasse. Tekst & foto: Lars Bakka, Egil Petterteig |
|
![]() |
|
![]()
Fadrane er heltane Første skuledag fekk 1. klasse besøk av fadrane sine. Me hadde ei leikestund inne, der fadderborna fekk bestemma kva dei ville leika med. Etterpå gjekk me ut saman. Me hadde ei kjekk stund både store og små. Tekst og foto: Jenny Sætre Skjønberg
|
|
|
|
![]() Endeleg! Publisert: Måndag 17.august kl 16:30 Endeleg kom den store dagen. Dei 21 elevane i 1.klasse vart ynskja vel møtt til første time av kontaktlærarane Jenny Sætre Skjønberg, Egil Petterteig, og sjølvaste ordføraren i Stord, Liv Kari Eskeland. Etter velkomsttale frå ordføraren gjekk turen til samling for heile skulen i amfiet. (Sjå under) Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
![]() Nye lærarar! Publisert : Onsdag 25.mars 2009 kl 15:00 Det kunne sjå ut som om det var ein gjeng med nye lærarar som kom til Sagvåg skule i dag, men eigentleg var det dei elevane som skal ta til på første steget til hausten som var på besøk på skulen. Her her får elevane testa stolane på pauserommet til lærarane! Fleire bilete>>Tekst: Lars Bakka Foto: Astrid Flatøy Bakka og Lars Bakka
|